HjemUkategorisertVelkomen til Kometland

 

Bildet er frå øvre den delen av «Kometvegen» inn mot sjølve senteret. Det laminerte aluminiumskiltet, av den velkjente opne stjernehopen Pleiadane – er eit av dei mest populære objekta på stjernehimmelen.  Pleiadane er eit glimrande eksempel på kor vakker stjernehimmelen er.  Dei sju systre som den kallast, er ei av dei nærmaste opne stjernehopane. Pleiadane som tilhøyrer stjernebildet Taurus står høgt på stjernehimmlen om vinteren. Truleg fins der så mange som mellom 800 og 1000 stjerner berre i Pleiadane !  Er observasjonsforholda gode, kan vi med eit godt normalt syn, vanlegvis kunne sjå 6 eller 7 stjerner. Der av navnet «Sjustjerna» som den kallast på folkemunne.

Foto: Knut B. Aarseth/Kometland

 

10946311_499065140231941_1467404888_n

Kjempefornøgde damer på Kometland.  Bildet tilhøyrer Elisabeth Maasen.

 

Ope også om sommaren

I vinterhalvåret er Astronomisenteret Kometland ope på stjerneklare kveldar, for alle som vil observere stjernehimmelen. I sommarhalvåret er Kometland ope på dagtid for omvisning på senteret, som er prega av mykje intressant og nyttig informasjon om solsystemet og verdensromet.  Her er det mykje spennande å sjå.  Berre det å sjå det imponerande store anlegget med eigne auge, er verdt turen !

For det er mange som har fått med seg gode minne etter å ha vore på Kometland ! Omvisning på senteret på dagtid bør helst avtalast på førehand. Kometland tek i mot skuleklasser, grupper og privatpersonar. Bestilling av observasjonstid og informasjon for ein ved å ringe eller ta kontakt på epost. Tek i mot forespørslar på kort varsel. Gangvegen eller «Kometvegen» er belyst heile vegen opp til senteret i vinterhalvåret. 

Ring 48124646 for bestilling av observasjonstid.  kometland@gmail.com 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det er stengt for kommentarer.

Translate »