Knut B Aarseth
Stjernehimmelen fotografert med enkle midler
Oppdatert: for 13 timer siden

Tok dette bildet av konjunksjonen mellom Jupiter og Venus på ein delvis skya vesthimmel 1. mars klokka 19.37. Vi kan ane nokre av månane til planeten Jupiter som er den til venstre på bildet. Venus hadde ei lysstyrke på -(minus) 3.9 magnitude, og Jupiter som var seks gonger lyssvakare, -2.2 magnitude. Foto: Kometland.
Foto: Kometland

Dei opne stjernehopane Pleiadane på folkemunne kalt for Sjustjernene og Hyadane (nederst) på veg opp ein haustkveld. Pleiadane består i verkelegheita av mange hundre stjerner, som kan observerast i amatørteleskop. Fotografisk av langt fleire. Pleiadane som befinner seg 420 lysår frå oss i stjernebildet Taurus, er eit av dei mest kjente objekta på stjernehimmelen. Når Kometland har besøk av interesserte som vil observere stjernehimmelen, står Sjustjernene som regel på observasjonsprogrammet.
Foto: Kometland

Den lyssterke kometen C/2011 L4) PANSTARRS her fotografert på vesthimmelen etter solnedgang i mars 2013 med ei 135mm telelinse Kometen nådde +1.0 magnitude, og var lett synleg for det blotte auget.
Foto: Kometland.