IMG_20200323_121203_edited.jpg
KOMETLAND

Er Astronomisenteret Kometland verdens største privateigde amatørobservatorium av roll-off roof typen ? Ja, mykje tyder på det.
På internett finner ein svært mange privateigde amatørobservatorier omtala, men ingen av disse kan samanliknast Astronomisenteret Kometland i storleik eller måten dei er bygd opp på.
Med sine store terasser oppbygd av leca og impregnert materiale, er Astronomisenteret Kometland det vi kan kalle eit verkeleg senter med sine rekkverk, veggar og skråtak. For ikkje å snakke om interiøret og kor flott alt er i dei fire observatoria og i kometmuseet. Og dei mange besøkane som besøker senteret er veldig imponert over anlegget, som uten tvil må være det mest kostbare som er bygd og eigd av ein privatperson i Norge.

Eit kometmuseum som skildrar oppdaginga av komet Aarseth-Brewington 1989w1.,inngår som ein del av anlegget. Museet fungerar også som opphaldsrom når skuleklasser eller andre større grupper kjem på besøk. Senteret kan også tilby mykje spennande informasjon, m.a. såkalla "Space Art" eller romkunst som gir besøkane eit livlig blikk inn i ei grenselaus og fasinerande verden som sett med romkunstnaren sine auge, ofte ligg langt forut den oppdagelsereisande. Her blir romscener som kanksje ikkje noko menneskelige auge nokon gong for sjå avbilda på ein utruleg fasinerande måte, fordi det enten vil være for farleg eller være for fjernt i tid og rom.
Ein stor kunstig stjernehimmel utandørs som viser himmelen om hausten, vinteren og våren, som besøkane kan bruke til å orientere seg på stjernehimmelen med, er til stor nytte for dei som ikkje alltid kjenner så godt stjernebilda og stjernene. Kontrollrom og overnatting for innehavaren høyrer også med.

unnamed.jpg

KOMETLAND, 1990

Astronomisenteret Kometland.png

KOMETLAND, 2020

KNUT B. AARSETH

Den sjølvlærte amatørastronomen Knut vart verdensberømt for oppdaginga av kometen Komet Aarseth-Brewington 1989w1  og er også Æresmedlem av Norsk Astronomisk Selskab I seinare tid oppført som Astronom på Wikipedia på lista over kjende Voldingar. Knut driv idag Astronomisenteret Kometland på heiltid. Eit opplevingssenter bygd opp over fleire tiår har han skapt noko heilt unikt innanfor fagområdet astronomi og eit heilt unikt tilbod for astronomi interesserte for lokal samfunn og verda ellers. På denne nettstaden er Knut redaktør og eigar og sikrar at denne publikasjonen held mål fagleg.
 

Knut B Aarseth er ein aktiv syklist. På 1970-talet var han aktiv i Bærum og Omegn Cykleklubb, var med i NM og kretsmesterskap for Oslo, med ei bronsemedalje over 100 km lagtempo. Knut B Aarseth starta Volda/Ørsta Cykleklubb i 1977.

jubilde_edited.jpg

FOTO: JOACHIM STORVIK, MØRE-NYTT

mjølkevegen.png