top of page
  • Forfatterens bildeKnut B Aarseth

Sesongstart på Kometland

Oppdatert: 31. okt. 2023

Vi er snart halvvegs i september, og kveldshimmelen begynner og verte merkbart mørkare nokre timar før midnatt. Litt seint for mange, men det betrar seg dei nærmaste vekene. Så langt, har det kome nokre forespørslar frå folk som vil besøke Kometland i haust. Ta gjerne kontakt for nærmare informasjon om det er noko ein lurer på. Den 15. september har vi nymåne, og skulle vi få klarver er dette eit bra tidspunkt og besøke Kometland på kveldstid, før månelyset begynner å gjere seg gjeldande rundt den 22. september. Når Månen er i første kvarter (veksande halvmåne) er eit godt tidspunkt til og observere Månen. Så nytt høvet, eller gjer avtale om observasjonstid ved ei seinare anledning om vi ikkje for det stjerneklart dei nærmaste dagane. Fullmåne (haustmåne) har vi den 29. september.

Stjernehimmelen fotografert mot vest-nord-vest frå Kometland ein sein haustkveld. Den lyssterke stjerna Vega i Lyra oppe i høgre hjørnet av bildet.

Foto: Kometland

Med Saturn i bakgrunnen, viser bildet silhuetten av ein besøkande som observerar planeten gjennom eit teleskop på Kometland. Bildet er teke med eit mobilkamera uten bruk av blitz.

Foto: Kometland.

168 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page