top of page
  • Forfatterens bildeKnut B Aarseth

Sol- og måneformørkingar

Oppdatert: 12. aug. 2022




Solformørkinga fredag 1. august 2008, gjorde at mange vende augene mot himmelen for å få med seg det himmelske skodespelet som utarta seg på føremiddagen. Slik omtala lokalavisa Møre den store hendinga i sin reportasje frå Kometland, der mange møtte fram. På Sunnmøre var den delvis solformørkinga størst klokka 11.32 då nymånen dekte 54.4% av solskiva. Eit fasinerande og solfylt syn som Møre skreiv.


Stort oppslag på første og siste sida av lokalavisa Møre om solformørkinga som regna vekk i mars 2015.



Bilde frå den delvis solformørkinga den 3. oktober 2005, fotografert frå Kometland. Formørkinga nådde ei maksimal fase klokka 10.13 då 38% av Sola vart dekt av nymånen.

Foto: Kometland

Reportasje i lokalavisa Møre om den totale måneformørkinga 9.-10. januar 2001. Den totalitære delen av måneformørkinga, som tok til på eit høveleg tidspunkt klokka 20.50 om kvelden, var maksimal klokka 21.20 og varte i 1 time og 1 minutt. Veldig flott og fin oppleving i fylje dei over 100 som var på Kometland den kvelden og natta. Sol og måneformørkingar, er noko heilt spesielt vart det sagt.

Dette bildet vart teke av underteikna frå Kometland ounder den totale måneformørkinga, like over midnatt, den 10. desember 1992. Over 300 mennesker møtte fram på Kometland denne natta, for og oppleve dette fantastiske naturfenomenet, som imponerte dei frammøtte. Formørkinga som var total klokka 00.43 den natta, og som varte fram til klokka 01.21, der månen gjekk heilt inn jordas heilskugge, og resulterte i ein blodrsud/mørkeraud måne, som til tider forsvann heilt. Årsaka til det, kunne vere støv i atmosfæra frå vulkan-utbrotet på Filippinene på den tida. At det var stor stemning hjå dei fleire hundre som var på Kometland den natta merkast, som koste seg med nattmat og varm drikke til langt ut på morgenen. Ei spektakulær oppleving med andre ord for alle dei som var der.

Under måneformørkelsen 9.-10. januar 2001 vitja godt over 100 menneske Kometland for å observere fenomenet. I fylje avisa Møre, var der bort i mot 125 som tok turen opp til Kometland den kvelden.


Dette bildet og dei to neste, er frå Bali i Indonesia tatt i forbindelse med ei total solformørking på 1980-talet. Det var spesielt mange japanske amatør-astronomar med mykje bra utstyr og sjå på staden der vi var samla, men også ein del frå vår reisegruppe som den svenske turoperatøren Resespesialisterna arrangerte.

To samansatte bilder av totaliteten som viser diamantringen og solas korona. Bilda vart ta av kollega Runar Lunde med eit Celestron 90mm teleskop.


Mange var på besøk på Kometland for å observere solformørkinga, 10. mai 1994.


Dette biletet frå Kometland er teke tidleg på 1990-talet i høve ei delvis solformørking.



144 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page