HjemUkategorisertSola vår dagstjerne

På ei 2×5 meter stor laminert plate, kan besøkande på Astronomisenteret Kometland, gjere seg kjent med vår dagstjerne, Sola. Her er mykje nyttig informasjon for dei som vil vite meir om vår livgivande sol. Under avsnittet Sola i tal, finn ein mange interessante opplysningar om Sola ikkje minst om den enorme storleiken mellom Sola og Jorda ! Ser ein godt etter på bildet under er der ein liten «prikk» oppe til høgre for Sola, som er Jorda i same målestokk i høve til sola ! På skyfrie klare dagar er det muleg og observere noko av solaktiviteten i kromosfæren som spektakulære protuberansar ut frå solranda gjennom eit 80 mm f/6 DAYSTAR teleskop og eit DAYSTAR Quark 0.6 hydrogen alpha  prominences solfilter i raudt lys. Ein fin og spennande sommar-aktivitet i den lyse årstida på våre nordlige breiddegrader.

Det er stengt for kommentarer.

Translate »