HjemUkategorisertGangveg til Astronomisenteret

Ei velukka kronerulling og tippemidlar gjorde det muleg å finansiere den etterlengta 390 meter lange og belyste gangvegen frå parkeringsplassen opp til Kometland. No 10 år seinare vart det sett opp ei stor informasjonsplate til ære for hovedpersonane som starta kronerullinga, og som fekk ordna med tippemidlar og alle dei andre bidragsytarane til vegprosjektet. Bidragsytarane fleire hundre tilsaman, står oppført med navn og innbetalingssum på informasjonsplata, basert på utklipp frå lokalavisa Møre. Til saman kom der inn kroner 96,000 på kronerullinga og nesten 100,000 i tippemidlar til «Kometvegen» som vart bygd av eit entrepenørfirma. Hadde det ikkje vore for kometoppdaginga i november 1989, hadde ikkje denne gangvegen vore muleg å realiserte. Må nemnast at det nyleg var dugnad på vegen, noko Volda Lions Club, gjorde gratis, pluss ein betydeleg sum til Kometland !  Den belyste vegen vert også brukt mykje av turgåarar som ferdast i terrenget, som på nattetid vert lyst opp av 14  fem watts lykter, noko som gjer det litt spesielt å gå den 390 meter lange vegen på kveldstid under stjernehimmelen. I vinterhalvåret vert «Kometvegen» rydda for snø med Astronomisenteret sin eigen snøfresar, slik at det vert lett framkomeleg.

 

Det er stengt for kommentarer.

Translate »