Etter ei kortare nedeperiode er no Kometland.com attende, med ny blogg og oppdatert informasjon om senteret. Det vil etterkvart kome meir om framdrifta til forskjellige prosjekt, samt gode råd og vink om korleis ein kan gjere gode observasjonar på eige hand. Sidan COVID-19 slo til har Kometland ligge mykje i dvale, og Knut B. Aarseth har brukt tida på å gjere utbedringar og stelle i stand for å få det nye store teleskopet operativt. Nyleg har den første testen av optikken funne stad, med svært gode resultat. Dessverre er stjernesesongen no på hell, då me beveger oss mot lysare tider, men utsiktene for haustsesongen er svært gode. Sjå innom ofte for nye oppdateringar.
top of page
bottom of page
Comments