Knut B Aarseth
Sesongstart på Kometland
Vi er snart halvvegs i september, og kveldshimmelen begynner og verte merkbart mørkare nokre timar før midnatt. Litt seint for mange, men det betrar seg dei nærmaste vekene. Så langt, har det kome nokre forespørslar frå folk som vil besøke Kometland i haust. Ta gjerne kontakt for nærmare informasjon om det er noko ein lurer på. Den 15. september har vi nymåne, og skulle vi få klarver er dette eit bra tidspunkt og besøke Kometland på kveldstid, før månelyset begynner å gjere seg gjeldande rundt den 22. september. Når Månen er i første kvarter (veksande halvmåne) er eit godt tidspunkt til og observere Månen. Så nytt høvet, eller gjer avtale om observasjonstid ved ei seinare anledning om vi ikkje for det stjerneklart dei nærmaste dagane. Fullmåne (haustmåne) har vi den 29. september.
