Knut B Aarseth
Norges største teleskop på Kometland
Oppdatert: 21. mar.
Norges største teleskop - Astronomisenteret Kometland
I 2020 vart Noregs største, og truleg også Skandinavias største amatørteleskop montert i eit heilt nytt observatorium på Astronomisenteret Kometland.
Observatoriet er av typen "Roll off Roof" og er motorisert og er 8x9 meter stort.
Konstruksjonsfeil og nødvendige forsterkningar måtte gjerast for å kunne bære den massive og tunge takstol konstruksjonen (taket) til dette imponerande flotte observatoriet som det har tatt tre år og bygge og ferdigstille.
Observatoriet som enno ikkje har fått navn noko som vil kome etterkvart er bygd på grunnmurane til to tidlegare observatorium, for å gje plass til det nye store teleskopet, som i dag ferdigstilt og fullt oprativt i 2022.

(Foto: Knut B. Aarseth - 2021 - Privat)
Teleskopet er levert av teleskopmaker David Lukehurst, Nottingham, England og optikken er levert av Hubble Optics i Hong Kong, Kina.
Teleskopet har eit 0,78 meter stort primærspeil og ei brennvidde på f/4.5 er utstyrt med Argo Navis/Stella Cat GoTo system levert frå produsentar i Australia og USA.

Det massive 0,78 meter f/4.5 teleskopet med Argo Navis til høgre på bildet. Okularhøgda er stor, så vi må bruke eit ganske stort tripod for og nå okularet når vi skal observere objekt høgt på stjernehimmelen.

(Foto: Knut B. Aarseth - 2021 - Privat)
Toppen av observatoriet bygd for å huse Noregs største teleskop, med teleskopet ute i posisjon. Astronomisenteret Kometland sitt største teleskop sett frå god avstand på Kometland som no er fullt operativt og ferdig koliminert på opplevingssenteret klart for å ta imot gjestar når været tillet det. Gled dykk!

Dei massive solide takstolane til observatoriet som huser Norges største amatørteleskop fotografert etter at dei kom på plass. Legg merke til blå 8 tommar tjukke massive 9 meter lange bjelken av limtre som er ein av dei to som bærer den store takkonstruksjonen på hjultrinser. Det skyvbare taket er motorisert.

(Foto: Knut B. Aarseth - 2021 - Privat)
Førsteside oppslag i avisa Møre. Me nemner at Avisa Møre har vore ein særs god samarbeidspartnar i kronerullinga som finansierte innkjøpet av det nye teleskopet, så det var naturleg at dei også fekk ta det første pressefotoet av teleskopet. Avisa har vore ein unikt god samarbeids partnar i ei årrekke og me takkar eigarar og drivarar av avisa for samarbeid før og i framtid. Og rettar ei stor takk for fabelaktivt godt journalistarbeid og at me fekk spalteplass ved gjennomføring av kronerullinga.

(Foto: Knut B. Aarseth - 2021 - Privat)
Detaljar frå teleskopet

(Foto: Knut B. Aarseth - 2021 - Privat)
Eit blikk inn i den svære trusstuba sett forfrå med delar av sekunderspeilet og det 0,78 meter store primær speilet i nedre delen. Teleskopets brennvidde er på nesten fire meter.

(Foto: Knut B. Aarseth - 2021 - Privat)
Biletet viser det store 0,78 meter store speilet sett bakfrå i den 28 punkt speilcella. Primærspeilet er eit sandwich (smørbrød-speil) med svært høg optisk ytelse. I følge produsenten Hubble Optics, er disse speila både revolusjonerande og er suverene i bilde kvalitet som kjølast ned 10 gonger raskare enn eit andre speil med same tjukkelse, ned til under 0,2 grader til omgivelsane.

(Foto: Knut B. Aarseth - 2021 - Privat)
Fremste delen av den svære truss-tuba med ein 15x80 søkekikkert. Teleskopet er også utstyrt med en raudpunkt belyst finder og Telrad. Vi tek sikte på å vise live video/bileter frå teleskopet ved bruk av videokamera for besøkande på eigen skjerm. Dette gjer det mogleg for at alle kan sjå det same på ein gong, samstundes som det er tidsbesparande. Berre ein og ein i gongen kan sjå i sjølve teleskopet.

(Foto: Knut B. Aarseth - 2021 - Privat)
Eit deksel på 1 meter foran lysopninga, for å beskytte den kostbare optikken for eventuelle støvpartiklar som måtte trenge inn i observatoriet.

(Foto: Knut B. Aarseth - 2021 - Privat)
Slik ser det ut inne i under speilboksa på dette bildet og det under. Nokre av dei elektroniske komponentane til teleskopet, for manuell handkontroll, Argo Navis og go-to funksjonane.

(Foto: Knut B. Aarseth - 2021 Privat)
Meir informasjon om Skandinavias største teleskop kjem etterkvart.
Pass på å vitje senteret. Det er opplevinga du aldri vil gløyme.
Knut B. Aarseth
eigar