top of page
  • Forfatterens bildeKnut B Aarseth

Kometland slik det ein gong var

Oppdatert: 9. apr. 2023

... og då draumen om eit eige observatorium på Klepp vart realisert.

Ein artikkel om historia om korleis Astronomisenteret Kometland vart realisert:


Alle foto er frå det private arkivet til Knut B. Aarseth og er brukt med løyve.


Historia om Kometland frå amatør-astronomen Knut B. Aarseth frå då interessa for å bli amatør-astronom vart vekt og realisering av observatorium på eiga tomt til det Astronomisenteret Kometland er i dag


- Mi interesse for stjernehimmelen vart vekt etter at eg kom over boka "Astronomi som hobby" som kom ut på Fredhøis Forlag i midten av 1960-åra. Denne populære boka var ei god innføring i astronomi, som var ein mykje brukt vegvisar på stjernehimmelen for mange.


- Min første stjernekikkert kjøpte eg i 1973 hjå optikar-firmaet Arild Hansson, i Oslo som marknadsførte det japanske merket Unitron. Kikkerten som eg enno har, var ein 75mm rekraktor med lang brennvidde, som eg etterkvart fekk mykje glede av.


Den gongen observerte eg nede på Hauane 3 i Volda der eg budde då, og eg hugsar at det samla seg mykje folk ettersom ryktet om den store kikkerten spreidde seg blant folk i Volda-samfunnet. Då eg fekk sjå den vakre planeten Saturn med ringane, bestemte eg meg for at eg ville verte amatør-astronom.


Dermed var det gjort også mange kveldar og netter som vart tilbrakt bak okularet etterkvart på stjerneklare kveldar og netter. Men etterkvart som meir lysforureining kom opp, melde draumen om å bygge eit eige observatorium seg.


Det var i 1976, etter at eg hadde teke meg ein tur opp på åsryggen Klepp like ovanfor Volda sentrum, at eg begynte og sjå meg etter ein plass å sette opp eit observatorium. Etter å grubla litt på dette ei tid, fekk eg bygsla ei tomt der Kometland ligg i dag. Denne tomta på heile 2,8 mål, fekk eg kjøpt etter nokre år. For å kome dit eg er i dag, har det gått med eit utal arbeidstimar med kontinuerleg arbeid sidan oppstarten sommaren 1979, i eit prosjekt som ein i dag kan seie er ganske imponerande.


Stjernekart som viser stjernehimmelen om hausten, vinteren og våren. Disse karta som var malt med vanleg maling, var i bruk ein del år, inn til vi fekk på plass laminert skilting på tynne aluminium plater. Bildet er frå slutten av 1990- talet i samband med ei markering på Kometland.

I bakgrunnen inngangen til Kometland slik det såg ut på slutten aqv 1990-talet.


Eit historisk teleskop !

Eit historisk teleskop ! Bildet som vart teke ein gong på 1990-talet, viser teleskopet som vart brukt då kometen C/1989w1 (Aarseth-Brewington) vart oppdaga den 16. november 1989. Her oppstilt på ei av terassene på Kometland. Teleskopet som er av merket Celestron, er eit kompakt SNT på 5,5 tommar f/3.4 "Comet Catcher" som på bildet er montert på alt-azimuth montering regulerbart med hastighet ved bruk av handkontrollen. C/1989w1 (Aarseth-Brewington) var den første kometen som vart oppdaga med eit slikt teleskop ! Så teleskopet levde verkeleg opp til navnet sitt ! Fungerar veldig bra.

Dette bildet av innkomsten til Kometland er tatt i 1998-99.

Dette bildet er av Star-Liner Observatoriet som vart teke våren 1990. Observatoriet som var det første eg bygde på Kometland, står der den dag i dag slik det var konstruert. Som vi ser på biletet, var det mykje vegetasjon på tomta den gongen, som måtte ryddast vekk. Observatoriet, som har eit todelt skyvetak, er i bruk den dag i dag.


Star-Liner-observatoriet fotografert mot søraust, slik det var på tomta i 1990. Eit varmerom eller kontor der ein rullar ut taket til høgre, kom på plass i 1991.

Star-Liner-observatoriet fotografert frå ei skråning nedan i frå, der det i dag er massive store terrasser, admistrasjonsbygg og eit observatorium.


Foto av to tidlegare observatorie på den staden der det nye 8x10 meter store observatoriet er i dag.

Knut B Aarseth planlegger kveldens observasjonar i Star-Liner Observatoriet. Bilder er frå 1980-talet.



Dette bildet av kometoppdagar Knut B

Aarseth, vart tatt av lokalavisa Møre i høve 1 års jubileumet for kometoppdaginga I 1990. Teleskopa på bildet er eit Celestron 5.5 tommar f/3.64 Newton speilteleskop av merket Comet Catcher. Det andre teleskopet er ein 44mm refraktor.

Dette observatoriet som vart påbegynt i 1985, var det tredje i rekka på Kometland. Observatoriet var i bruk fram til 2017, då det måtte vike plassen saman med eit anna, for og gje plass til det 8x10 meter store observatoriet som no i 2022 husar Noregs største teleskop.


Dette biletet er av kometoppdagar Knut B. Aarseth vart teke tidleg i 1990, like etter kometoppdaginga. Her held han eit stort bilete av kometen C/1989w1 (Aarseth-Brewington), teke av den andre oppdagaren, Howard J. Brewington.


Det komplette teleskopet, med fotostativ, som vart brukt for kometoppdaginga den 16. november 1989, kl. 18.29, norsk tid. Teleskopet er eit Celestron 5.5" speildiameter, F/3.64.


Knut B. Aarseth fotografert ved det første teleskopet som vart teke i bruk på Kometland. Teleskopet som vart levert av Star-Liner Company, Tucson AZ, er eit reflektor speilteleskop på 14,25 tommar (f/5) med montering frå det same firmaet. Det var stor stas og stor spenning då det kom i bruk i januar 1990, i Star-Liner-observatoriet.


Trur dette var eit av dei største amatør-teleskopa i Noreg på den tida. Teleskopet var i bruk i nesten 30 år, og utruleg mange som har vore på Kometland har observert gjennom dette teleskopet.


Ei skuleklasse frå Lystad skule i Ørsta på besøk på Kometland 11. mars 1995, der vi observerte Månen med det store Star Liner-teleskopet.


Det og observere solflekkar er fasinerande ting og sjå på om sommaren.

Dette Celestron 11 tommar f/10 CPC store teleskopet var tidlegare i bruk på Kometland, men vart solgt for nokre år sidan.



Stjernehimmelen om hausten, vinteren og våren. Desse tre skilta var mala med maling på vannfaste kryssfinerplater, som i mange år var ein vegvisar på stjernehimmelen for mange besøkande på Kometland.

Utsikt mot vest mot Folkestad og innløpet til Dalsfjorden til høgre. På bildet til høgre ser vi taket til to tidlegare observatorium, som i dag er erstatta med det som no huser Norges største teleskop.


I forkant av verdspremieren på dokumentarfilmen LIVET DER UTE som samla fullt hus på Samfunnhuset i Volda, hadde lokalavisa Møre dette oppslaget. Dokumentaren som hadde ei varighet på 27:13 minutt som vart laga av dei to studentene Einar Sleire og Joachim Storvik ved medialinja ved høgskulen i Volda, vart svært populær, der DVD versjonen selde i fleire hundre eksemplar.

Næravisa i Volda lagde dette intervjuet med Knut B. Aarseth i 1987. Dette var to år før kometoppdaginga fann stad.


Star-Liner Observatoriet med Volda sentrum i bakgrunnen fotografert av avisa Aftenposten sitt reportasjeteam for ein del år tilbake. Teleskopet som kom på plass etter at den gamle 14,25 tommar speilteleskopet (liggande på golvet) måtte vike plassen for det nye, Celestron 11 Cassegrain teleskopet.


Skuleklasser er ofte på besøk på Kometland, etter og hatt verdensrommet som tema på skolen. Nokre elevar viser gode kunnskaper og er engasjerte. Det setter underteikna er kjekt.




Meir om historia til Kometland vil komme, og denne artikkelen og bloggposten vert oppdatert etterkvart.


Med venleg helsing


Knut B. Aarseth

288 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page