top of page
  • Forfatterens bildeKnut B Aarseth

Eit tilbakeblikk: C/1989w1 (Aarseth-Brewington)

Oppdatert: 9. feb. 2023

Årets klaraste komet på stjernehimmelen i 1989. Den tredje klaraste kometen i tiåret 1980-1990.

Denne kometen vart først oppdaga av amatørastronom Knut B. Aarseth, klokka 18.29 norsk tid, ved Astronomisenteret Kometland i Volda, og nokre timar seinare av Howard J. Brewington, South Carolina, USA. Kometen befann seg forholdsvis lavt på vesthimmelen i grenseområdet mellom Corona Borealis og Herkules. Dette var den første norske kometoppdaginga sidan 1939, 50 år etter at amatørastronomen Olaf Hassell sin kometoppdaging. Kometoppdaginga vakte av den grunn mykje oppsikt i norske media. Internasjonalt fekk komet Aarseth-Brewington ein del omtale både i astronomiske tidsskrift både i Europa, USA, Australia, Japan osv., som publiserte ein del bilder av den. Kometen som var svært aktiv, hadde ein praktfull hale på fleire grader, som fekk god omtale med anna i kjente tidsskrift som Sky&Telescope og Astronomy. Størst lysstyrke nådde kometen med ei peak 1 magnitude på 2,8 mag., som var på sitt lyssterkaste rundt juletider i 1989. Årets julekomet og julegåve til astronomane vart det sagt, som vart den klaraste kometen på stjernehimmelen det året, og den einaste kometen


Dei tre første telegram frå sentralbyrået for Den Astronomiske Union som tek i mot meldinger om nye oppdagingar, om at komet Asrseth-Brewington 1989a1 var offisielt stadfesta.

Foto ctedit; Michael Jager.


som kunne sjåast utan kikkert. Sett frå Norge, kunne C/1989w1 (Aarseth-Brewington) som er den offisielle nemninga på den, kunne sjåast frå det sørligaste-Norge fram til midten av desember det året, fordi den bevega seg raskt sørover gjennom stjernebildet Ophiuchus (Slangen) i retning Skorpionen. Sett frå sørlige breiddegrader som frå Australia og Stillehavs-området, kunne kometen observerast første halvdel av januar i 1990. Det vart rapportert i fylje observatørar, at kometen då hadde ein hale på mellom 5 og 10 grader...

Bildetekst og fleire bilde kjem etterkvart.


Stort VG oppslag om den første norske kometoppdaginga gjort av ein nordmann på 50 år. Begivenheita medførte store oppslag i norske media, etter at kometoppdaginga var gjort kjent.

Førstesida til det engelske tidsskriftet The Astronomer utgåva for januar 1990.

Dette praktfulle bildet av komet Aarseth-Btewington 1989a1 vart tatt av Ronald Royer, Lakewood, California.

Signert medoppdagar Howard Brewington.


Ein stolt Knut B. Aarseth her fotografert saman med det flotte bildet av kometen som han var med på og oppdage.

Medoppdagar Howard J. Brewington, intervjua av lokalavisa i Newberry, South Carolina, som gjorde den første historiske kometoppdaginga i den staten !


Det kjente firmaet Lumicon i USA brukte med anna Aarseth-Btewington 1989a1 i sin marknadsføring.

Komet Aarseth-Brewington fotografert seint i desember 1989,

Foto Credit: Michael Jager



Foto Credit: Michael Jageh-Brewington fotografert av japansk amatørastronom.rt av japansk amatørastronom.


Det første bildet av komet Aarseth-Brewington 1989a1 som vart teke frå Norge like etter at kometoppdaginga vart gjort kjent. Bildet viser kometens koma ei gassky som dannar seg rundt den faste kometkjerna. Antydning til hale kan skimtast på bildet. Foto: Odd Trondal.

Komet Aarseth-Brewington 1989w1 fotografert 21. desember 1989 på ein lys morgenhimmel signert av medoppdagar Howard J. Brewington. Kulehopen M 107 er synleg til høgre for bildesenteret.

Komet Aarseth-Brewington 1989w1 avbilda i Sky&Telescope. Denne heilsida med tekst og bilde er frå april 1990.


I Astronomy vart komet Aarseth-Brewington omtala på denne måten: "Seint i desember viste Aarseth-Brewington kometen seg som ein av dei beste i dette tiåret. Den 22. desember skinte kometen med omtrent 3,5 magnitude. Kometen stod då lavt i grålysninga. Nokre få morgener tidligare lyste kometen med ei lysstyrke på omlag 4.magnitude, men stod då høgare på himmelen. Den hadde ein flott, kurva støvhale som var 3 grader lang. Kometen såg ut som ein mini komet West. Komet Aarseth-Brewington var den flottaste eg hadde sett sidan Halleys komet, skriver George W. Gliba, Greenbelt, Maryland, i Astronomy. Også europeiske, japanske og andre tidsskrift som omhandlar astronomi, publiserte mange bilde og omtala den. Aldri tidligare hadde nokon oppdaga ein komet frå ein observasjonstad så langt nord på Jorda, stod der å lese med anna i det tyske tidsskriftet Sterne und Weltraum.


Japanske tidsskrift publiserte mange bilder av komet Aarseth-Brewington 1989a1 som var den offisielle internasjonale nemninga på den tidlegare.

Komet Aarseth-Brewington 1989w1 i morgongryet. Foto; Terry Loveloy, Australia.


Komet Aarseth-Brewington 1989w1 vart også omtalt i utenlandske aviser. Her frå den engelske storavisa The Guardian, 8. desember 1989.

Komet Aarseth-Brewington 1989a1 den 21. desember 1989, klokken 20.852 UT. Foto: Eitoshi Konno, Japan.

Internasjonale observatørar rapporterte i slutten av desember 1989 og tidleg på nyåret 1990, om ein særdeles aktiv og praktfull spredt vifteforma komethale som var mellom 5-10 grader lang. Nærmast Sola i sin nesten hyperbolske bane kom kometen den 27. desember 1989. Avstanden komet-sol var då omlag 47 millioner km. Kometen bevega seg då bort frå både Sola og Jorda - for godt må ein nesten seie. For denne kometen kjem diverre aldri igjen - kanksje ikkje før om 250 000 år.


Denne skissa av komet Aarseth-Brewington, er teikna av ein amatør-astronom i Sør Amerika, medan kometen befann seg i stjernebildet Skorpionen.

Frå det franske astronomiske tidsskriftet Pulsar.

Dei neste bilda er frå det kjente tyske tidsskriftet Sterne Und Weltraum.






Komet Aarseth-Brewington 1989a1 fotografert i morgongryet den 21. desember klokka 5.31 JST av ein japansk amatørastronom som skreiv fyljande komentar: "Dette er ein nyoppdaga komet av K.B. Aarseth i Norge og Howard J. Btewington, South Carolina, USA i november 1989. Vi kunne observere kometen av 3. størrelseklasse og ein 3 grader lang hale på slutten av året på den austlige delen av himmelen i morgongryet....sitat slutt.



Avisoppslag frå Aftenposten


Det var ikkje berre riksdekkande media som skreiv om kometoppdaginga. Denne omtala på over to sider er frå eit sparebank-blad som sparebankene i Norge gav ut.












287 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page