top of page
  • Forfatterens bildeKnut B Aarseth

Imponerande besøkstal

Oppdatert: 3. apr.

Foto frå Kometland

Mange besøkande på Kometland


Astronomisenteret Kometland er ein populær stad å besøke for alle astronomi-interesserte. Sidan oppstarten av Kometland i 1990, har tilsaman over 15.000 mennesker besøkt senteret på heilårsbasis. Desse kjem frå heile nordvestlandet Sunnmøre, og frå landet forøvrig.

Ein del av dei besøkande er skuleklasser. Blant dei besøkande er studentar ved Høgskulen i Volda, og andre som besøker kommunen. Det er verdt å nemne at studiestaden Volda har ein spesiell plass i hjartet til tidlegare elevar og studentar og dei er særs interesserte i alt nytt om Volda og vitjar staden ofte.

Eit slikt besøktal er ganske imponerande i ein stad som Volda, med 10 781 innbyggarar tal frå 1. januar 2021 . Studiestaden Volda har pr dags dato omlag 4600 studentar som tilskot til folketalet.


Astronomi vert populært mykje takka være kometoppdaginga

Det var etter at underteikna Knut B. Aarseth gjorde den historiske oppdaginga av den første norske kometoppdaginga på 50 år, i november 1989 som sette Volda på astronomikartet både nasjonalt og internasjonalt, og at interessa for astronomi og stjernehimmelen blant folk, fekk eit oppsving.

Dette saman med artiklar som Knut B. Aarseth har skrive opp gjennom åra både i lokalaviser, regionaviser, tidsskrift, bøker, reportasjer i radio og dokumentar film og fjernsyn. Noko som har bidrege mykje til besøkstala på Kometland.



Gangvegen opp til Kometland

Gangvegen opp til Kometland vart finansiert ved ei vellukka kronerulling og teke i bruk i 2003. Den er opplyst og skilta veg heilt opp til Astronomisenteret. Etter at den vart teke i bruk, er det mange som også brukar vegen til turmål.


Skiltning nedre delen av gangvegen som fører opp til Kometland, og til ei rekke andre


Kometland sin oppstarts historie

Sjølve senteret vart påbegynt sommaren 1979, og har fram til i dag hatt ei stor utvikling, til å bli det flotte informative senteret det er i dag. Senteret er bemanna utanom opningstida, og har videoovervåking.


Astronomisenteret Kometland har sommarope frå mai til august. På bildet som vart teke no i helga, viser besøkande frå Ålesund som var på omvisning på senteret. Ta gjerne kontakt på førehand om ein har planer om å besøke Kometland, og vipps oss gjerne med nokre kroner om du vil støtte arbeidet som vert gjort på Kometland. Det vil vere til stor hjelp.



120 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page