Uranus og Neptun

Uranus planeten som roterar liggande
Foto: NASA/Voyager 2

Uranus er den sjuande planeten frå Sola og den første, som vart oppdaga teleskopisk. Oppdaginga av Uranus var ein milepel i astronomihistoria, som ikkje vart oppdaga før den 13. mars 1781, då amatørastronomen William Herschel, England, oppdaga den i stjernebildet Tvillingane. På den tida var det utenkjelig at det kunne være nokon annan planet utanfor Saturn, så ein kan seie, at med oppdaginga av Uranus, flytta Hershel grensene for verdsbiletet eit godt stykke utover. Uranus er den tredje største planeten i vårt solsystem. Diameteren er heile 51.118 km. Uranus som hovedsakelig er bygd opp av ei indre stor kjerne av stein, med eit lag av metallisk hydrogen liggande over kjerna. Uranus har varierande mengder is, berre 15% hydrogen og litt helium, og står av den grunn i kontrast til Jupiter og Saturn. Atmosfæren til Uranus er samansett av 83% hydrogen, 15% helium, 2% metan og mindre mengder av hydrokarboner. Det er metanet i den øvre atmosfæra som absorberer raudt lys, som gjev Uranus dens blågrøne farge. Som dei andre gassplanetane, har også Uranus skyband, men dei er ekstremt lyssvake. Uranus sin middelavstand frå Sola er 2.869.000 km eller omlag 19 gonger avstanden frå Sola til Jorda. Uranus si bane kring Sola er 18 milliardar km lang, som med ei banefart på gjennomsnittleg 24.600 km/t., brukar 84.01 år på. Som eit resultat av planetens varierande avstand frå Jorda, endrar lysstyrken seg mellom konjunksjon og opposisjon.
Foto:NASA

I 1977 vart det under ein stjerne-okkultasjon, oppdaga at Uranus hadde eit smalt ringsystem. Ringsystemet til Uranus som består av 11 kjente ringar er svært mørke og veldig lyssvake. Uranus-ringane som er samansett av store partiklar opp til 10 meter i diameter i tillegg til finare støvpartiklar, kan ikkje observerast frå Jorda i synleg lys. Det mest bemerkelsesverdige med Uranus, er at aksen er i nesten same plan som dens bane. Nordpolen har ei helling på 98 grader lodrett, så planeten synest å dreie om sin akse i retrograd retning. Fordi Uranus nærast ligg og roterar "trillar" planeten fram som ein kjempestor ball i sin bane kring Sola. Det har vore spekulert ein del på om ein kollisjon med eit ukjent massiv himmellekam i ei fjern fortid kan være årsaka. Som eit resultat av den sterkt hellande aksen, er det høgst usedvanlige årstider på Uranus, der kvar polområde har sommar i 42 år og ein tilsvarane lang vinter.

Uranus sine månar
Titania nest størst av månane kring Uranus. Foto: NASA Voyager 2

Som dei andre kjempeplanetane har også Uranus mange månar. 27 i alt. Dei største og mest kjente Oberon, Titania, Ariel, Umbriel og Miranda. Alle disse kretsar i plan med planetens sterkt hellande ekvator og bevegar seg i planetens rotasjonsretning.

Observasjon av Uranus

Etter å stått langt sør på ekliptikken i mange år, står no Uranus høvelig til for observasjon sett frå våre nordlige breiddegrader. Uranus som skin med ei lysstyrke på 5.7 mag., er godt synleg sjølv i den minste kikkert, som eit stjernepunkt. I eit astronomisk teleskop kan Uranus sjåast som ei lita planetskive ved bruk av høg forstørring, som med sin blå-grøne farge og sitt roligare lys, skil seg merkbart ut og står i fin kontrast til fiksstjernene. Den beste årstida å observere Uranus på er om ettersommaren og tidleg på hausten, men ein må vite nokså nøyaktig kva ein finn planeten. Eit kart der Uranus posisjon er plotta inn, er til stor hjelp.