

Avstanden mellom Sirius og Sirius B vil då ikkje være større enn 20 gonger avstanden Jorda-Sola, noko som tilsvarar avstanden til planeten Uranus. Både Sirius og dvergstjerna Sirius B er blåkvite av farge. Sirius B er vårt nærmaste eksempel på ei kvit dvergstjerne med ei usedvanlig stor tettheit, som resultat av ei kjempestjerne som for lenge sidan eksploderte etter å ha brukt opp sitt brenselforåd. Det som idag er att, er ei lita stjerne med ei uendelig tettheit på størrelse med Jorda og som veg nesten like mykje som Sola ! Tettheita til Sirius B er med andre ord så stor, at ei lita flaske fylt opp av dette stjernematerialet, ville vege like mykje eller ha like mykje masse som eit Boeing 747 jumbojet passasjerfly !