Pleiadane og Hyadane




Pleiadane er ei opa stjernehop som tilhøyrer stjernebildet Taurus/Oksen. Pleiadane befinner seg 380 lysår frå oss og har ein diameter på 30 lysår.


Pleiadane som går under navnet "Sjustjernene" er kjent blant folk flest. I januar og februar står denne flotte ansamlinga av klare stjerner høgt på himmelen i sør. Med det blotte auget ser vi vanlegvis seks eller sju stjerner. Derav navnet Sjustjernene. Teoretisk skulle vi ha sett ti, men dei andre blir borte i glansen av dei klaraste stjernene. Observerer ein Pleiadane frå ein stad der stjernehimmelen er ekstrem mørk, kan ein sjå fleire stjerner enn det som er vanleg, men dette krev godt syn og svært gode observasjonstilhøve. Derfor finner mange astronomi interesserte det interessant å observere Pleiadane. Ein 7x50 handkikkert er eit framifrå instrument til å observere den med. Ein slik kikkert har lita forstørrelse og gir også det beste oversynet over Pleiadane. Derfor er slike handkikkertar det beste hjelpemiddelet til å observere den med, fordi dei dekker eit stort område på himmelen. Med eit astronomisk teleskop er det annarleis. På grunn av at Pleiadane dekker eit stort areal på nesten 1 grad på himmelen, kan ein ikkje bruke store forstørringar om ein skal observere heile stjernehopen.

<


<

Alcyone


I virkelegheita inneheld Pleiadane fleire hundre stjerner. Mange av desse stjernene er så lyssvake, at det må eit stort teleskop til for å sjå dei. Dei aller lyssvakaste stjernene kan berre påvisast fotografisk. Med ein liten handkikkert kan vi sjå nokre få titalls av dei. Gjennom eit lite astronomisk teleskop derimot, kan vi observere nærmare hundre av stjernene.




Det fleirdobbelte stjernesystemet Alcyone.

<

 


Den lyssterkaste stjerna i Pleiadane heiter Alcyone. Alcyone er ei blåkvit kjempestjerne av spektralklasse B med ei masse på 10 gonger Sola. Luminositeten er 1000 gonger Sola si lysstyrke. I Pleiadane finn ein også stjerner som er så lyssvake som 1/100 av vår sol. Alcyone er hovedstjerna i eit fleirdobbelt stjernesystem der stjernene står forholdsvis nær kvarandre. Den klaraste av Alcyone`s tre stjernekompanjongar er 24 Tauri, som er kvit og av spektralklasse A med ei visuell lysstyrke på 6,3 magnitude. Den nest klaraste stjerna i Alcyone-systemet, er V647 Tauri med ei visuell lysstyrke på 8,3 magnitude. Den tredje og lyssvakaste stjerna har betegnelsen HD23608, og er av spektralklasse G, er gul og har ei visuell magnitude på 8,7. Taygeta er ei strålande kvit dobbeltstjerne, som det også er verdt å sjå nærmare på. Bruk bildet ovanfor for å identifisere desse stjernene. Dei klaraste blåkvite stjernene er innehylla i tåkeslør. Grunnen til det er at Pleiadane beveger seg gjennom ei umåtelig stor interstellar støvsky som reflekterer lyset få desse stjernene. Desse tåkesløra kan berre sjåast i astronomiske teleskop, eller helst fotografisk. Spesielt klar er den tåka som ligg rundt stjerna Merope.


Pleiadane er ei svært ung stjernehop i kosmisk samanheng. Nyare berekningar anslår alderen til å være 25 millionar år. Nokre av stjernene er så unge som 2 millionar år.

Hyadane

 



Den V-forma opne stjernehopa Hyadane til venstre på bildet og Pleiadane.


Hyadane er den stjernehopen som er nærmast oss. Avstanden til Hyadane er 136 lysår frå oss. Opne stjernehoper består vanlegvis av nokre titalls stjerner. Den raudgule klare stjerna på bildet ovanfor er Aldebaran, som ikkje høyrer til Hyadene. Aldebaran er ei forgrunnstjerne som befinner seg berre halvparten så langt borte som Hyadane. Avstanden til Aldebaran er berre 64 lysår. Aldebaran står i flott kontrast til Hyadane og stort sett er dette område noko av det flottaste vi kan sjå på vinterhimmelen. Å observere dette området av stjernehimmelen gjennom ein liten handkikkert med stort synsfelt, er eit flott syn.

free webpage hit counter
web stats