Kometland på stand i Ulsteinvik

"Kultur langs Ferdavegen" på Sjøborg Kulturhus søndag 30. mars 2008 med Ulstein som vertskomune, var ei reiseliv og kulturmesse i miniformat med utstillarar frå sju komunar på Søre Sunnmøre, for å markere opninga av Eiksundsambandet med eit felles arrangement. På denne utstillinga fekk komunene syne fram noko av det dei har å by på. Frå Volda stilte Astronomisenteret Kometland med ein stor stand, firmaet Mellom Bakkar og Berg, representantar frå den musikkgruppa Merkesteinane, og sjølvsagt Volda Komune med ordførar Ragnhild Kalland Aarflot og kultur og Næringsjef Gunnar Andenes i spissen.

I bakgrunnen på dette bildet ser vi det historiske teleskopet og fotostativet som vart brukt då komet Aarseth-Brewington 1989w1 vart oppdaga den 16. november 1989. Teleskopet er av typen Schmidt-Newton og av merket Celestron f/3.64., og har eit primærspeil på 5,5 tommar.

Del av Kometland sin stand fotografert bakfrå.

Kultursjefen i Ørsta Komune Jostein Mo fotografert foran Kometland sin stand. Ørsta Skisenter hadde stand like ved sidan av Kometland sin, som Mo representerte.

H4>Ein av dei første som besøkte utstillinga.

<

På andre sida av Astronomisenteret Kometland sin stand. Øverst oppe i midten, er ei heilside frå m.a. VG som ei av fleire riksdekkande store aviser fleire gonger hadde store oppslag om den sensasjonelle kometoppdaginga. Avisutklippet ved sidan av t.h. er frå ei stor amerikansk avis, som viser medoppdagar Howard J. Brewington frå South Carolina, som kom på trykk etter at kometoppdaginga vart gjort kjent. Fordi kometen etterkvart vart så lyssterk og synleg for det blotte auget i november og desember 1989, fekk den stor internasjonal merksemd, spesielt i USA, Japan og i Europa. Dei andre bilda viser m.a. eit bilde av ein stolt Howard J. Brewington foran sitt teleskop, og den flotte kometen med sin velutvikla hale, teke av utenlandske astronomar.

H4Komet Aarseth-Brewington 1989w1 prydar her forsida på astronomiske tidsskrift frå Norge, Sverige, England, USA og Japan.

Stadig nye interesserte kom til for å sjå nærmare på Kometland sin stand utover ettermiddagen. DEnne delen av utstillinga viser m.a. ein del avisutklipp og stemninga som rådde blant dei mange frammøtte på Astronomisenteret Kometland i samband med totale måneformørkingar.

Nyare astronomisk litteratur låg framme til gjennomsyn.

Interessert dame frå Ulsteinvik studerar bøkene.

Litt folksamt foran standsen. Her ser vi nokre interesserte som gav seg ekstra god tid for å sjå på det imponerande utvalet av tidsskrifter, bøker og bilder.

Astronomisk litteratur vert studert.

Stadig nye interesserte kom til.

Stadig nye kom til for å sjå på.

Interesserte ser på den astronomiske bøker som vart framlagt. Legg merke til det store laminerte aluminiumsskiltet nede i venstre bildekant som vert brukt i turist-reklame på Astronomisenteret Kometland.

Denne delen av utstillinga var det mange som såg nærmare på.

Nokre damer som tok seg god tid til på studere nasjonal og internasjonal astronomisk litteratur om Volda-kometen.

counter