Stjernebildet Orion - vinterhimmelens flottaste attaksjon

Ikkje noko anna på stjernehimmelen er vakrare enn når stjernebildet Orion står i sør om kvelden i januar. Med sine mange klare stjerner er stjernebildet Orion eit av dei mest interessante for amatørastronomane både fordi det er eit vakkert stjernebilde i seg sjølv, og fordi ein i dette området har nokre av dei finaste stjernene. Oriontåka (M42) som er noko av det vakraste vi kan observere på stjernehimmelen, har sin i sverdet like under dei tre beltestjernene. Når vi ein vinterkveld står og betraktar desse tre beltestjernene på skrå, er det ikkje alle som tenker over, at lyset frå dei vart sendt ut for omlag 1,500 år sidan. Stjernelyset har med andre ord vore på veg gjennom verdensromet mot oss omlag sidan år 505 e.Kr., med ei fart av nesten 300,000 km i sekundet! Navna på dei tre beltestjernene er frå venstre og oppover: Alnitak, Alnilam og Mintaka. Alle er trippelstjerne-systemer der komponentane er synlig sjølv i små kikkertar. I det same området finns også seksdobbelte stjerne-systemer der fleire av komponentane er lette å skilje frå kvarandre.


Bildet viser atmosfæren til Betelgeuse, storleiken til Betelgeuse samanlikna med Jorda si bane og Jupiter si bane kring Sola, og Betelgeuse sin plass i stjernebildet Orion.

Den orange-raude Betelgeuse og den blåkvite Rigel er to superkjempestjerner som utgjer himmeljegeren Orion venstre skulder og høgre fot. Betelgeuse som ligg 520 lysår frå oss har så stor diameter, at stjerna ville rekke heilt ut til planeten Jupiter, om Betelgeuse var plassert der Sola er idag ! Dette seier litt om dei enorme dimensjonane til Betelgeuse, som har eit volum på fantastiske 150,000 0000 (millionar) gonger volumet til Sola ! Når vi så veit at Sola har eit volum på 1,39 millionar gonger volumet til Jorda, då for vi ei aning om kor enorme dimensjonar det her dreiar seg om. Slike dimensjonar kan vi ikkje fatte. Betelgeuse som sender ut omlag 15,000 gonger så mykje energi som Sola, er ei variabel stjerne der lysstyrken varierar uregelmessig mellom 0,2 og 1,2 magnitude. Dette betyr at Betelgeuse er omlag 2,5 gonger så lyssterk ved maksimum som ved minimum.

Rigel

Den blåkvite superkjempestjerna Rigel som utgjer Orion`s høgre fot, står i sterk kontrast til den orange-raude Betelgeuse . Rigel som ligg nesten dobbelt så langt borte, er med sin overflatetemperatur på omlag 12,000 grader C., ei mykje varmare stjerne enn Betelgeuse. Med ei energiutstråling som er omlag 50,000 gonger så stor som energiutstrålinga til Sola, er Rigel ei av dei stjernene i Melkeveien som har størst energiutstråling. Med eit slikt høgt energiforbruk kjem Rigel til å bruke opp energien sin i løpet av 1-2 millionar år, noko som er svært kort tid samanlikna med mange andre stjerner. Årsaka til at slike kjempestjerner har så kort levetid, er stor tyngdekraft og at tettheita og temperaturen i sentrum av stjerna blir utruleg høg. Kjernereaksjonane går derfor mykje fortare enn i "små" stjerner som Sola. Rigel er ei dobbeltstjerne som er "lett" å skilje frå kvarandre i eit astronomisk teleskop. Kompanjongen har ei lysstyrke på 9,7 magnitude, som kan skimtast på bildet ovanfor.


Oriontåka

 

Det vi aller mest forbinder stjernebildet Orion med, er den velkente Oriontåka, kalla for M 42. Dette er ei vakker gasståke som er lett synleg utan kikkert. Det er først i eit middels stort astronomisk teleskop vi kan sjå mykje av den strukturen som vi kjenner frå bilde. I store amatørteleskopblir Oriontåka eit praktfull skue på ei mørk og klar vinternatt. Oriontåka som ligg 1,700 lysår borte, er veldig stor. Berre dei sentrale områdaav tåka dekker eit areal på 5 lysår. I verkelegheita dekker Oriontåka eit areal som tilsvarar store delar av stjernebildet Orion. Den samla massen til Oriontåka er omlag 10,000 solmasser, som inneheld fleire unge stjerner. Slike gasståker er råmaterialet til nye stjerner.

Trapeset

Dei mest kjente stjernene i Oriontåka er dei fire stjernene som dannar Trapeset i sentrum av tåka. Trapesstjernene er så klare og avstanden mellom dei så pass stor, at dei kan sjåast sjølv i den minste kikkert. I verkelegheita finns der fleire hundre stjerner i dette området innanfor eit område på berre nokre bogeminutt med Trapeset i sentrum. Nokre titalls av desse stjernene er lyysterke nok til at dei kan observerast visuelt i amatørteleskop. Trapes-stjernene er ikkje gamle. Man trur at dei begynte å skine for berre 25,000 år sidan. Det er dei fire Trapes-stjernene som lyser opp refleksjonståka Orion.

Messier 43

Omlag ei halv grad nord for Oriontåka (M42) ligg det ei anna vakker lysande gasståke, NGC 1977. Ei tredje lysande gasståke, Messier 43, ligg mellom desse. (Bildet nedanfor) Gasståka Messier 43, ligg så nær inntil Oriontåka at den lett kan oppfattast som ein del av denne. På mørke klare kveldar er alle desse gasståkene eit vakkert syn i eit amatørteleskop.