Astronomy Centre Kometland - the largest privately owned amateur Roll of Roof Observatory in the world
Astronomisenteret Kometland - det største privateigde amatør Roll of Roof Observatorium i verda
Astronomy Centre Kometland is a of the largest privately owned amateur roll of roof observatories in the world. There are many roll of roof observatories portrayed on the internet, but none of these can be compared with Astronomy Centre Kometland in size, - and interior. Kometland has four observatories and a cometmuseum about my discovery of C/1989 w1 Aarseth-Brewington. See link museum. My telescopes are not among the largest, but I have rather invested money on the centre. Many visitors are impressed by the results I have achieved. Next summer, Astronomy Centre Kometland will be opened for cruise-tourists. Observations of the Sun in Ha light will be one of the attractions for visiting tourists.
Er Astronomisenteret Kometland verdens største privateigde amatørobservatorium av roll of roof typen ? Ja, mykje tyder på det. På internett finner ein svært mange privateigde amatørobservatorier omtala, men ingen av disse kan samanliknast Astronomisenteret Kometland i storleik eller måten dei er bygd opp på. Med sine store terasser oppbygd av leca og impregnert materiale, er Astronomisenteret Kometland det vi kan kalle eit verkeleg senter med sine rekkverk, veggar og skråtak. For ikkje å snakke om interiøret og kor flott alt er i dei fire observatoria og i kometmuseet. Og dei mange besøkane som besøker senteret er imponert over anlegget, som uten tvil må være det mest kostbare som er bygd og eigd av ein privatperson i Norge. Eit kometmuseum som skildrar oppdaginga av komet Aarseth-Brewington 1989w1.,inngår som ein del av anlegget. Museet fungerar også som opphaldsrom når skuleklasser eller andre større grupper kjem på besøk. Senteret kan også tilby mykje spennande informasjon, m.a. såkalla "Space Art" eller romkunst som gir besøkane eit livlig blikk inn i ei grenselaus og fasinerande verden som sett med romkunstnaren sine auge, ofte ligg langt forut den oppdagelsereisande. Her blir romscener som kanksje ikkje noko menneskelige auge nokon gong for sjå avbilda på ein utruleg fasinerande måte, fordi det enten vil være for farleg eller være for fjernt i tid og rom. Ein stor kunstig stjernehimmel utandørs som viser himmelen om hausten, vinteren og våren, som besøkane kan bruke til å orientere seg på stjernehimmelen med, er til stor nytte for dei som ikkje alltid kjenner så godt stjernebilda og stjernene. Kontrollrom og overnatting for innehavaren høyrer også med.
Litt av Astronomisenteret sett frå Kometvegen
Litt av innkomsten.
Nedre del av Astronomisenteret Kometland (museet og Mizar-observatoriet).
Vest-sør-vest sett frå Astronomisenteret Kometland.
Øvste delen av Kometvegen. Bildet er frå den 24. november 2006.
Terassa som vender inn mot Kometvegen.
Inngangen til den øvre delen av Astronomisenteret Kometland. Vi skimtar litt av Kometvegen i bakgrunnen.
Litt bratt stigning i nedre delen av Kometvegen. Bildet er frå den 24. november 2006. Legg til merke lykta til høgre som er ei av 14 som opplyser vegen når det blir mørkt. Straumkabelen går i plastrør under vegen.
Gjennom ei vellukka kronerulling vart det samla inn med nesten 100 000 kroner og betydelige midlar frå fylkeskommunen, fekk Astronomisenteret Kometland endelig vegforbindelse i 2002. Gangvegen som er belyst med 14 lyktestolpar med 5 watts sparepærer nok til at dei som ferdast der, kan gå der i mørket. Kometvegen er populær blant turgåarar, som ligg heilt inntil bustadhuset. Namnet Kometvegen fekk han fordi det her eg gjekk i forkant av kometoppdaginga i 1989. Med utsikter til meir turisme og muligheita for å få cruise-turistar, legg Astromisenteret Kometland opp til fleire spennande tilbod, som forhåpentligvis vil slå godt til ovanfor turistar. Ein stor og fyldig områdeguide som reiselivslaga i regionen no skal distribuere nasjonalt og internasjonalt, blir no laga, der Kometland er med ! Observasjonar av sol-aktivitet, det flotte anlegget, sal av astronomisk litteratur og effektar og den praktfulle utsikta, er noko av det Astronomisenteret Kometland har å tilby turistar som vil oppleve noko spesielt utanom det vanlige.
Spaceart (romkunst) under skråtak prydar dei spesialkonstruerte veggane på dei store terassene som knyter saman Astronomisenteret Kometland. Bilda som er laminerte, er lagt på aluminiumsplater og er haldbare mot ver og vind.
Ein annan utandørs terassevegg under skråtak med Spaceart (romkunst). Også disse bilda er laminerte og lagt på aluminiumsplater og er difor haldbare mot ver og vind.
Bygginga av Astronomisenteret Kometland som tok til sommaren 1979. Idag er senteret stort sett ferdigbygd, då det berre er vedlikehaldsarbeid som står att p.g.a. det uegna tremateriale som vart brukt dei første åra. Dette trematerialet er no i ferd med å bli skifta ut med impregnert materiale. Den lange byggetida skuldast at halvparten av tida har gått med til å bære opp store mengder byggemateriale. I staden for å satse på veldig kostbare teleskop, har pengane stort sett brukt på sjølve anlegget, som held høg internasjonal standard.
Informativ stjernehimmel som viser stjernehimmelen slik vi ser han om hausten, vinteren og våren. Heile rammeverket er over 5 meter langt.
Celestron Comet Catcher 5,5" f/3,64 Schmidt-Newton. Teleskopet har primært vorte brukt til leiting etter nye kometar på stjernehimmelen. Det var med dette teleskopet Knut B. Aarseth oppdaga komet Aarseth-Brewington 1989w1 den 16. november 1989 frå observatoriet sitt.
Celestron Comet Catcher 5,5 inches f/3,64 Schmidt-Newton. This scope is be used to searching for comets. It be with this telescope I co-discoverer C/ 1989w1 Aarseth-Brewington 1989w1 at November 16, 1989 from Astronomy Centre Kometland.
De-Luxe Azimut mounting. Servo in two coordinates. Variable DC motors from 0 - 20 V DC. Batteries. Speed 0 - 90 degree on 60 seconds. The azimut mounting work as a german-mount.
De-Luxe Azimut montering. Servo i to koordinater. Variabel DC motorer frå 0 - 20 V DC. Batterier. Hastighet 0 - 90 grader på 60 seconder. Azimut monteringa fungerar som ei vanlig tysk-montering.
Mount type Azimut Electric Controls Vertical/horizontal. Aluminum housing. 22 mm vertixal and horizontal axies. S.K.F, 4 bearings 42 mm Radi. 12 mm, 8 mm S.K.F. Worm bearings. Steel worms. Worm wheel bronze. Motors: DME 32B 24 V, 0,5 ampere - Type BAG Gear 80 and 500. Max 30 V. Fuse: 0,25 ampere. Speed adjustable from control box.
Et blikk inn i Comet Catcher-teleskopet forfra. Vi skimtar litt av korrektorplata av glas som dekker heile opninga av teleskopet. Eit 20 mm Erfle 1,25" okular som gir eit stort og behagelig synsfelt (2,4 grader/25 x forstørrelse, sjåast på bildet oppe til høgre.
Elecric 12V handcontroller with four button to direction the telescope on both axis on the sky. Variable speed from 0 - 90 degree on 60 second.
Elektrisk 12 V handkontroll med fire valgfrie tastar, til å bevege teleskopet på begge aksar på himmelen med variabel frå 0 - 90 grader på 60 sekunder.
0 - 90 degree azimut range .
Skala som viser frå 0 - +90 grader i høgde over horisonten .
Astronomisenteret Kometland i media.
Størst mediainteresse var det i samband med den sensasjonelle oppdaginga av komet Aarseth-Brewington 1989a1 i november-desember 1989. Dette resulterte i ein mediastorm utan like som vi knapt nok har sett maken til her i Norge ettertid, med få unntak. Underteikna fekk i løpet av dei første vekene fleire hundre telefonar og andre henvendelsar frå pressa, ei begivenheit som førte til fleire store innslag og intervju i riksdekkande media. Så mykje pågang var det frå liten og stor, at det tok knekken på meg. Noko slikt var eg ikkje forberedt på, som eg kunne takla betre ved å seie nei i staden for ja til alle. Når vi tek i betraktning at den gongen var ikkje internett, var den første norske kometoppdaginga på 50 år, ei stor mediabegivenheit. I kjølvatnet av denne storhendinga i norsk astronomi, har Astronomisenteret Kometland dei seinare år, vore mykje i riksdekkande media som fjernsyn, radio, aviser, astronomiske tidsskrift og diverse andre blad. Eit av dei høgdepunkta eg har sett mest pris på, var i samband med 10-års jubileumet for kometoppdaginga den 16. november 1999, då TV2 i kveldsnyheitene klokka 21.00 hadde eit lengre innslag i og med opninga av kometmuseet v/ Erik Tandberg. TV2 har i tillegg til dette, hatt ei reportasje til frå Astronomisenteret Kometland. NRK Fjernsynet hadde eit innslag i samband den svært aktive meteorsvermen Leonidene i 2002. Denne reportasjen som vart laga seint på natta medan svermen var mest aktiv, vart sendt i programposten "Norge i dag" i beste sendetid dagen etter. TV Norge har også hatt innslag om Astronomisenteret Kometland. Regionalt har det også vorte laga fjernsynprogram. TV Sunnmøre sende for nokre år sidan, eit lengre innslag om senteret som gikk i reprise ei rekkje gonger. I NRK Møre og Romsdal, har det vore ein heil del innslag i tilknytning til aktuelle hendingar på stjernehimmelen opp gjennom åra. Elles har dei største avisene i fylket, hatt fleire innslag om Astronomisenteret Kometland. Sist i samband med 25 års-jubileumet då Erik Tandberg som besøkte Kometland for annan gong, foretok den offisielle opninga av senteret. Underteikna har også skrive ein del artiklar om astronomi i dei største avisene i landsdelen. Også gamle ærverdige Sunnmøre Arbeideravis (SA) har skrive om Astronomisenteret, så seint som i 1980-åra. Underteikna hadde forøvrig gleda av å skrive fleire artiklar om stjernehimmelen i SA på 1980-talet. Lokalaviser i nabofylket i sør, har hatt innslag om Kometland etter at skuleklasser har vore der. I lokalavisene har det vore mykje stoff om Astronomisenteret Kometland, noko som har hatt svært mykje å seie for den breie publikum interessa. Dette har medverka sterkt til at astronomien har fått fotfeste her.