Månen fotografert med Astrovid 2000 CCD Videokamera
Bildet ovanfor viser den nordvestlige delen av Månen. Legg merke til den halvsirkelforma bogeforma Regnbogebukta, Sinus Iridum, som er 260 km lang. Fjella som dannar denne bukta har bratte fjellsider som vender mot Mare Imbriun
(Regnhavet) i sør, og Jura-fjella i nord. Legg merke til det 33 km store halvbelyste krateret, Bianchis, som ligg der. I astronomiske teleskop kan ein sjå at Regnbogebukta har fleire ridges som er store og lange åsryggar som går tvers over bukta i sørvest-søraustleg retning. Regnbogebukta (Sinus Iridum) kan best observerast 2-3 dagar etter veksande halvmåne eller i siste kvarter. Den austlige og
den vestlige delen av Jura-fjella har store odder Cape Promontorium Laplace i aust, og Promontorium Heraclides i vest.
Det ovale krateret ttil høgre for Regnbogebukta, er det velkjente krateret Plato som har ein diameter på 102 km. Det store krateret
nede på bildet, er det berømte Copernicus krateret, som har ein diameter på 97 km. Copernicus er 3760 meter djupt, har terasseforma kraterveggar og ein forholdsvis flat botn. I midten av dette krateret er det nokre sentralfjell som når opp i ei høgde
av 1200 meter. Bildet er teke med gjennom ein 10-tommar f/4.7 Celestron 10-tommar reflektor.
Bildet viser dei nordaustlige områda av Månen. Alpedalen som skjærer seg rett gjennom den massive fjellkjeda Alpane, kjem tydeleg fram eit stykke nede til venstre på bildet nær terminator. Dei to kratera nordaust for Alpedalen i Mare Frigoris, er Aristoteles og Exodus. Nær dette skiljet mellom dag og natt ser vi dei to markante kratera Aristillus og Autolychus, i havområdet Palus Nebularom. Det opne stredet mellom dei to massive fjellkjedene Alpane og Apeninnane (nederst) går inn i det store ovale Mare Serenitatis (Klarhetens hav).Bildet er teke med gjennom ein 10-tommar f/4.7 Celestron 10-tommar reflektor.
Det store nesten kraterfrie ovale mørke området på bildet er Mare Serenitatis (Klarhetens Hav)., som er det 6. største av månehava eller låglandslettene på Månen med eit areal på 303 000 km2. Til samanlikning dekker Det Kaspiske Hav her på Jorda, eit areal på 370 000 km2. Mare Serenitatis som ligg i den nordaustlige delen av Månen, har som vi kan sjå antydning på bildet, fleire markante lange åsryggar som kryssa månehavet. Like nord for Mare Serenitatis ser vi dei to framtredande kratera Eudoxus (diameter 66 km) og Aristoteles (diameter 87 km) som har massive terasseforma kraterveggar. Mellom desse to kratera ser vi krateret Egede med ein diameter på 37 km. Legg merke til krateret Mitchell (diameter 30 km) som ligg nær inntil Aristoteles. Alle desse kratera ligg i månehavet Mare Frigoris (Fruktbarhetens hav) i den nordaustlige delen av Månen. Legg spesielt merke til det store krateret Posidonius (diameter 95 km) som ligg i heilt ute i den austlige den av Mare Serenitatis. Krateret Posidonius er 2300 meter djupt og kjent for sin vollslette og sitt indre system av såkalla måneriller som skjærer seg gjennom den kuperte kraterbotnen. Eit strede skil Mare Serenitatis frå den nordlige delen av Mare Tranquillitatis (Stillhetens hav) i sør. Bildet er teke med gjennom ein 10-tommar f/4.7 Celestron 10-tommar reflektor.
På bildet oppe til venstre, ser vi Mare Humorium, eit sirkulært månehav som dekker eit areal på 113 000 km2. Diameteren til Mare Humorium som ligg i den sørvestlige delen av Månen, er 380 km. Legg merke til det framståande krateret Gassendi i den nordlige delen av denne store låglandsletta. Gassendi som er kjent for sine komplekse rillesystemer på kryss og tvers i botnen av krateret, åsryggar og som også har eit sentralfjell, er 1860 meter djupt og har ein diameter på 110 km. På bildet ser vi også tydeleleg at Gassendi har eit sekunderkrater, Gassendi A, som ligg delvis i skugge som har ein diameter på 33 km og er med sine 3600 meter, eit mykje djupare krater enn Gassendi.
Mare Crisium (Krisenes hav) nær måneranda i nordaust, er 176 000 km2 stort eller like stort som Storbritania. Diameteren på låglandssletta som er omgitt av massive fjell i nordvest (t.v), er heile 570 km. Krisenes hav kan best observerast 2-4 dagar etter nymåne eller 2-4 dagar etter fullmåne. Det store framtredande ovale krateret nederst på bildet, er Clemodes som har ein diameter på 126 km. Eit par store måneriller og eit sentralfjell ligg i dette krateret.
Dette bildet viser dei to nærliggande kratera Hercules til venstre og Atlas til høgre, som ligg Lacus Sonniorum og den nordaustlige delen av Mare Serenitatis. Hercules har ein diameter på 69 km medan diameteren til Atlas er 87 km. Eit system av kløfter skjærer seg gjennom botnen av krateret Atlas.
Ei gruppe krater i høglandsområdet nordaust for Mare Frigoris, nær måneranda i nærleiken av månens nordpol.
Dei to største kratera på dette bildet er Burg (øverst) og Plana ligg begge i havområdet Lacus Mortis og Lacus Somniorum i den nordaustlige delen av Månen. Eit sentralfjell kan skimtast i botnen av Plana som har ein diameter på 44 km.
Bildet viser det nærmast sirkulære havorådet Mare Humorum som ligg nær måneranda i sørvest. Mare Humorum har ein diameter på 380 km og eit overflateareal på 113 000 km2. Området er mest kjent for krateret Gassendi som vi ser litt under midten på bildet. Krateret Gassendi har ein diameter på 110 km og er 1860 meter djupt. Ei rekke kompliserte kløfter skjærer seg gjennom kraterbotnen. Her er også svært lange åser og sentralfjell lett synleg i eit astronomisk teleskop. Gassendi er eit dobbeltkrater i og med at det mindre krateret Gassendi A ligg like ved i nordleg retning. Gassendi A har ein diameter på 33 km og er heile 3600 meter djupt.