Kva er ein komet?

Komet Hale-Bopp

Kometar er himmellekam som hovedsakelig er bygd opp omkring ei indre fast kjerne. Ein komet består av stein, lausare materiale, støvpartiklar, og store mengder is og gass. Kometkjerna er omgitt av ein koma som er ei tåkelignande sky av gass. Når kometen bevegar seg innover i solsystemet, blir den varma opp av Sola. Denne oppvarminga fører til at is blir omdanna til gass. Denne gassen driv utover og legg seg kring kometen si kjerne som ei komasky. Etterkvart som kometkjerna blir aktivisert av varmen og trykket (solvinden) som bles ut frå Sola, blir det frigjort store mengder gass og anna materiale som blir reve laus frå kometoverflata. Kometen utviklar då ein hale som kjenneteiknar aktive kometar. Komethalen peikar alltid bort frå Sola og bevegelseretninga.

Kometkjerna til Halleys Komet fotografert på nært hald av romsonden Giotto i 1986

Kometkjerna

Sentralt i komethovudet finns ei kjerne, som er det einaste faste i kometen. Ei kometkjerne har ei masse som varierar frå 10 milliarder tonn til 100 billioner tonn. Kometkjernene størelse varierar mykje. Nokre kan være forholdsvis små, andre ganske store. Eit eksempel på ein komet med ei lita kjerne er Hyakutake, som vi såg passerte rett over den nordlige halvkule natta til 25. mars 1996. Kjerna til komet Hyakutake 1996B2 er berre 2-3 km i diameter. Halleys komet der i mot har ei langt større kjerne, på 16x12x8 km, som er rekna for å være ei middels stor kometkjerne. Ein annan kjent komet som har vist seg fram i siste åra, Hale-Bopp, har ei uvanlig stor kjerne som er heile 50 km i diameter! Når ein komet nærmar seg Sola, aukar aktiviteten og den frigjer stadig meir av sin masse. Periodiske kometar som kjem att med bestemte mellomrom er eit godt eksempel på dette. Vanlegvis taper kometane svært lite av si masse berre 0,1% til 1% når dei passerar Sola. Då komet Hale-Bopp var på sitt mest aktive, var massetapet oppe i 400 - 500 tonn pr. sekund ! Men, det fins også eksempel på kometar som har frigjort over 1000 tonn av sin masse kvart sekund. Hovedsakelig då i form av store partiklar, men også i små mengder av svært tunge partikler heilt opp til 1 meter i tversnitt som har vorte reve laus frå kometkjerna. Dette materialet blir spreid utover i kometen si bane, både foran og bak kometen og er opphavet til nokre av dei mest kjente meteorsvermene. Eit anna velkjent fenomen er dei såkalte jet-straumane. Dette er kraftige søyler som fører store mengder gass og partiklar ut frå kometkjerna. Når slike fontener oppstår, er kometen i utbrot og lysstyrka kan auke.

Komet Hyakutake`s coma

Komaen

Når ein komet kjem tilsyne på vei innover mot Sola, ser den vanlegvis ut som ein tåkeflekk ofte så lyssvak, at det kan være vanskelig å skilje den ut frå himmelbakgrunnen. Men, når kometen kjem nærmare Sola blir utsjånaden og kometen lyssterkare. Kometen sitt lys kjem stort sett frå komaen som utgjer den synlige delen av komethovudet. Det er denne komaskya vi ser når vi observerer ein komet, men inne i komaen kan ein av og til sjå eit stjerneliknande lyspunkt som kallast kjerna. Komaen som omgir sjølve kometkjerna er av store dimensjoner. Komadiameteren varierer til vanleg mellom 100 000 km til 1 million km. Sammenlikna med Jorda, planetane og Sola er dette ganske imponerande. Ein komet som hadde ein ekstrem stor koma, var Flaugerques komet i 1811. Då denne komaen var på sitt største, hadde den ein diameter på heile 2 millioner km, og var langt større enn Sola ! Komaen blir ofte danna når kometen befinner seg i ein avstand av 400-500 millioner km frå Sola.

Komet Ikeya-Zhang, april 2002

Komethalen

Komethalar kan bli svært lange. Mellom 10 millioner og 40 millioner km. Den aller lengste komethalen vi kjenner til, tilhøyrte komet 1843 I, betre kjent som "Den store kometen av 1843". Då denne komethalen var på sitt lengste, var den meir enn 300 millioner km lang og nådde heilt ut til planeten Mars sin bane! Sjølv om det er berre dei lyssterkaste komethalene som for størst merksemd, forblir dei aller fleste kometane lyssvake og uten hale. Desse passerer stort sett ubemerka forbi for almenheten, og kan kun sjåast i store amatørteleskop. Det kan utvikle seg tre typer komethalar. Støvhalen oppstår fordi utstrålinga og trykket frå Sola riv laus faste partikler frå komaen. Det som kjenneteiknar støvhalar er at dei er breide utan nokon indre struktur og har ein vifteforma utsjånad. Ein annan type komethale er gasshalen. Gasshalen blir til av gassar frå komaskya som blir ionisert av solstrålinga. Gasshalen er til vanleg rett og smal. Antihalen er ein tredje type hale som peikar i retning solen og i fartsretninga.

Periodiske kometar

Komet Encke - den mest kjente av kortperiodiske kometar

I dag kjenner vi så godt til kometane, at deira baner er nøyaktig klarlagt. Dei aller fleste kometane er nye, som bevegar seg i svært langperiodiske baner kring Sola. Dei andre er kortperiodiske, og går i elliptiske baner med ei omløpstid på mindre enn 200 år. Den mest kjente er Halleys komet, som har vore sett 29 ganger sidan år 240 f.Kr., førebels siste gong i 1986. Halleys komet som kjem att omtrent kvart 76 år, har ei litt langstrakt ellipsebane med vendepunkt utanfor Neptuns bane. Men det finns også ei rekke kometar som bevegar seg kring Sola på mindre enn 10 år. Ein av dei mest kjente av desse kortperiodiske kometane er komet Encke med ei omløpstid på berre 3,29 år. Men, kometar kan også ha svært langstrakte baner. For slike kometar tek det mange tusen år før dei kjem att. Ein av desse er komet Bennett som viste seg fram på morgonhimmelen våren 1970. Komet Bennett har eit vendepunkt som ligg 42 milliardar km frå Sola, eller 8-10 gonger så langt ute som Pluto, som er den fjernaste planeten i solsystemet. Men nokre kometar har også forlete vårt solsystem. Etter å ha nærma seg ein av dei store planetene, har kometen blitt aksellert av deira tyngdefelt, og fått energi nok til å unsleppe. Ein komet med ei hastigheit mindre enn 42 km/sek., vil gå inn i ei ellipsebane kring Sola. Overstig hastigheita 42 km i sekundet, fyl kometen ei parabelbane. Kometen har då energi nok til å fjerne seg uendelig langt vekk frå Sola. Bevegar kometen seg snøggare enn unnslepningshastigheita for Sola, fyl kometen ei hyperbel bane. Kometen frigjer seg då frå tyngdefeltet til Sola, og har kinetisk energi til overs. Det er enno ikkje med sikkerheit, påvist nokon komet i vårt solsystem som har kome inn frå det interstellare romet mellom stjernene. Ingen komet har nokon gong hatt ei slik hyperbolsk hastigheit. Eksempel på nyare kometar som fyl eller har nesten slike parabolske baner er komet Arend-Roland 1956R1, komet Seki-Lines 1962 C1, og komet Aarseth-Brewington 1989W1. Alle desse kometane var i nærleiken av Sola for første gong då dei vart observert på himmelen. Hastigheita for desse kometane låg over eller like i nærleiken av den øvre grensa på 75 km i sekundet. Sannsynlegvis vil ingen av desse kometane returnere tilbake Sola sine nærområde før tidlegast om nokre hundretusen år. Skissa nedanfor viser kometbaner kring Sola der sirkelen er den lavaste energibana. Kva for ei bane ein komet går inn i, avheng av hastigheita i den augneblink kometen passerar Sola i minste avstand.