Komet Aarseth-Brewington 1989w1, fotografert 20.desember 1989, med ein 18-tommar
(f/7) reflektor. Foto: Ronald Royer, Wrightwood, California, USA.
Den første norske kometen på 50 år !
Torsdag 16. november 1989 klokka 18.29, vart denne kometen oppdaga av Knut B. Aarseth.
Kometen fekk eit dobbeltnavn, i og med at den amerikanske amatørastronomen Howard J. Brewington,
observerte den uavhengig nokre timar seinare. Oppdaginga
av den første norske kometen på 50 år, resulterte i store oppslag i riksdekkande media i vekene som
fulgte. Kometoppdaginga var ikkje berre historisk, men også ein sensasjon. Berekningar av kometen sin bane,
antyda at komet Aarseth-Brewington faktisk ville bli så klar som 2.magnitude - og kanksje bli
1980-åra`s klaraste komet i fylge utenlandske fagtidsskrift. Ved Astrofysisk Institutt på Universitetet
i Oslo, meinte dei at det var første gong denne kometen passerte innanfor synsvidde.
Kometoppdaginga - slik eg opplevde den
Då kometen vart oppdaga den 16. november 1989, var den 237 millionar km frå Jorda. Med ei
hastigheit på heile 75 km i sekundet, suste kometen gjennom verdensromet i området mellom
stjernebilda Herkules og Den Nordlige Krone, der den vart funne. Kometen stod då forholdsvis
lavt på himmelen i vest-nordvest. Lite visste eg då eg gikk opp til observatoriet den kvelden, at
eg den neste timen skulle gjere ei kometoppdaging.
Det einaste som var klart for meg, var at tidspunktet for å leite etter ein eventuel ny komet var
gunstig. Det var tre dagar etter fullmåne. Månen var enno ikkje kome opp over horisonten i aust,
og himmelen var nesten skyfri i vest. Etter nokre minutt effektiv leiting fekk eg auge på eit lyssvakt
diffust objekt med sentralkondensasjon i posisjonen RA 16h 20m., DEC +28 grader., i mitt 5,5 tommar Schmidt-Newton teleskop.
Lysstyrken til objektet berekna eg til å være 8,5 magnitude, medan komadiameteren var 2 bueminutt.
Eg skvatt litt til då det etter nokre sekund gikk opp for meg, at det måtte være ein ny komet
eg hadde i synsfeltet. Aldri tidligare hadde eg sett eit komet-lignande objekt i dette området av
stjernehimmelen, så eg var sikker på at det var ein ny komet eg hadde oppdaga.
Eit stjerneatlas (Sky Atlas 2000.0) vart likevel sjekka om der kunne være ei planetarisk tåke eller
eit anna tåkeliknande objekt i nærleiken. I tillegg måtte eg finne viktige fysiske data om kometen
om oppdaginga skulle bli godkjent. Det vart difor noko hektisk og eg måtte være sikker på at det
eg kom fram til var rett.
Først ved halvåtte tida forlet eg observasjonsstaden i all hast for å meddele min nærmaste kollega
om kva eg hadde funne. Medan eg småsprang nedover den fleire hundre meter lange stien for å sette
meg inn i bilen for å nå telefonen heime, var det ein tanke som plaga meg litt. - Var eg for seint
ute ?
Faktisk, vurderte eg sjansen som stor for å være blant dei tre første og dermed få navnet mitt
knytta til den nye kometen. Astronomar på sørligare breiddegrader som i Japan, hadde då ein
sjenerande måne på himmelen. Så eg såg litt optimistiskpå det. Heime ringte eg til ein annan aktiv
astronom, Runar Lunde, og fortalte han om det eg var sikker på måtte være ein ny komet.
Posisjonen til den nye kometen vart gitt til Runar Lunde, som frå sitt observatorie som han hadde
bygd like utanfor huset sitt, retta teleskopet sitt mot objektet.
Medan eg venta i telefonen på at Runar Lunde skulle stadfeste observasjonen min, var eg litt spent
på om posisjonen eg hadde oppgitt var rett. Etter å ha observert objektet var ikkje Runar Lunde i
tvil, - det var ein ny komet eg hadde sett ! No, når observasjonen min var stadfesta av ein annan
observatør, kunne vi gjere omverda merksam på kva eg hadde sett.
Spennande dager og ventetid
Runar Lunde påtok seg å ringe til Central Bureau For Astronomical
Telegrams, (CBAT) Cambridge, Massachusetts, USA., for å melde frå om
den nye kometen. CBAT er det internasjonale byrået som tek i mot og
formidlar meldingar om oppdagingar på stjernehimmelen. Eg må innrøme at
eg var veldig spent på kva Runar Lunde hadde å fortelje, då han ringte
meg tilbake etter vel 20 minutt. Då eg fekk høyre at det ikkje var
komme inn andre meldingar til CBAT om nokon ny komet, skjøna eg, at eg
kanksje var først ute likevel. Men heilt sikker, var eg sjølvsagt
ikkje. Trass i at ingen andre meldingar var kome inn, sende CBAT
likevel ut ei melding om ein muleg ny komet. Runar Lunde ringte også
Institutt for Teoretisk Astrofysikk ved Universitetet i Oslo. Derfrå
vart det gjort slik, at fleire norske astronomar vart varsla, som vart
bedne om å sjå etter kometen. Men, då denne anmodninga vart sendt ut,
var det så seint på kvelden, at kometen hadde gått ned i nordvest.
Dagen etter den 17. november kunne fleire norske observatører stadfeste
oppdaginga mi. Kometen var då lett synleg, men observasjonane vart
snart hemma av kraftig nordlys. Same dag vart kometen også observert
visuelt og fotografisk i utlandet, med anna i USA. Kometen viste då
bevegelse. Laurdag kveld den 18. november, berre to dager etter
oppdaginga, kom den store dagen.
CBAT sende då ut ei internasjonal melding der objektet var navngitt;
Komet Aarseth-Brewington 1989a1. Den nye kometen vart anonsert i IAU
Circular No. 4907. Endelig kom den offisielle stadfestinga og
kometoppdagingen var eit faktum! Nokre dagar med stor spenning og lite
nattesøvn var utløyst. Den nye kometen fekk eit dobbeltnavn i og med at
ein amerikaner ved navn Howard J. Brewington, Newberry, South Carolina,
USA., hadde oppdaga den uavhengig nokre timar seinare. Tidlegare hadde
eg lest om amatørastronomar som gjorde kometoppdagingar og fekk kometen
oppkalla etter seg. No var eg ein av dei. Nesten 10 år med systematisk
leiting på himmelen etter nye kometar hadde gitt resultat. Det var
ikkje til å tru. Mitt store mål som amatørastronom var nådd. Men, ein
ting var eg ikkje forberedt på. Det store mediapågangen denne
sensasjonelle kometoppdaginga på "regnvåte" nordvestlandet resulterte
i.
Med mange telefonar, blomsterhelsingar o.s.v. over lang tid, oppstod
ein situasjon som eg ikkje var i stand til takle. Og problem byrja å
melde seg. Slikt lærer ein av.
Komet Aarseth-Brewington 1989a1 den 21. desember 1989, klokken 20.852 UT. Foto: Eitoshi
Konno, Japan.
Internasjonal oppmerksomheit
At den nye "norske" kometen vart oppdaga nøyaktig 50 år etter at
Olaf Hassell som første nordmann
fekk navnet sitt knytt til ein ny komet etter to russiske astronomar,
gjorde nok kometoppdagingen mi endå meir merkverdig. I norske
astronomikrinsar vart komet Aarseth-Brewinton omtala som "heilnorsk"
fordi denne gongen var ein nordmann først ute. Kometoppdaginga vart
historisk i og med at det var 50 år sidan sist ein nordmann fekk eit
himmellekam oppkalla etter seg.
For første gong i Skandinavia sidan 1923 hadde systematisk leiting
etter kometar gitt resultat, så det var ei stor begivenheit i seg
sjølv, skreiv ein dansk fagastronom. Internasjonalt fekk kometen ein
del merksemd. Kometen vart observert og fotografert og ei rekkje flotte
bilde vart publisert i dei mest kjente amerikanske astronomiske
tidsskrifta. I Astronomy vart komet Aarseth-Brewington omtala på denne
måten: "Seint i desember viste Aarseth-Brewington kometen seg som ein
av dei beste i dette tiåret. Den 22. desember skinte kometen med
omtrent 3,5 magnitude. Kometen stod då lavt i grålysninga. Nokre få
morgener tidligare lyste kometen med ei lysstyrke på omlag 4.magnitude,
men stod då høgare på himmelen. Den hadde ein flott, kurva støvhale som
var 3 grader lang. Kometen såg ut som ein mini komet West. Komet
Aarseth-Brewington var den flottaste eg hadde sett sidan Halleys komet,
skriver George W. Gliba, Greenbelt, Maryland, i Astronomy.
Også europeiske, japanske og andre tidsskrift som omhandlar astronomi,
publiserte mange bilde og omtala den. Aldri tidligare hadde nokon
oppdaga ein komet frå ein observasjonstad så langt nord på Jorda, stod
der å lese med anna i det tyske tidsskriftet Sterne und Weltraum.
Kometen fekk også omtale i utenlandske aviser. Her heime tok det heilt
av. Riksdekkjande media hadde fleire innslag/oppslag om kometen, men
også
av andre aviser utover det ganske land skreiv om den. Dette
mediaoppstyret fekk ikkje minst hovedpersonen sjølv merke sterkt i
vekene etterpå. At kometoppdaginga hadde blitt lagt merke til, var det
ingen tvil om, noko dei mange telefonane og breva eg etterkvart fekk
frå folk frå store deler av Norge, og frå nordmenn i utlandet, eit
bevis på.
Komet Aarseth-Brewington slik han vart omtala i det amerikanske tidsskriftet Astronomy,
mai 1990.
Kometen synleg for det blotte auge
Komet Aarseth-Brewington 1989w1 som vart omtala som ein julekomet,
var den klaraste kometen på himmelen i 1989-1990. Kometen var svært
aktiv i og med at lysstyrke og halelengde forandra seg vesentleg på
kort tid. Allereide den første veka etter oppdaginga, annonserte IAU
Circular No. 4916, at kometen ville auke betydeleg i lysstyrke, til
+2,6 magnitude omkring perihel den 28 desember. Kometen ville då
passere nærmast Sola og Jorda. I slutten av november hadde kometen fått
ein tydeleg rett gasshale. Tidleg i desember var lysstyrken kome opp i
5,7 magnitude, samstundes med at kometen vart rapportert å være svært
aktiv. Halen var
då 1 grad lang. I dagane fram mot midten av desember, vart kometen
stadig klarare. Den 12.-13. desember kunne kometen for første gong
sjåast med det blotte auget. Lysstyrken var då kome opp i 4,4
magnitude, som i løpet av desse to dagane hadde auka med så mykje som 1
magnitude! Sett frå Norge hadde kometen ei høgde på 18-12 grader over
horisonten i aust, fram til midten av desember. Kometen som bevega seg
raskt på himmelen gikk rett syd, og vart etter kvart stadig
vanskeligare å observere frå Norge fram til den 20. desember 1989,
tydelegvis hemma av lav høyde og lys himmelbakgrunn. I tillegg
forstyrra Månen observasjonene etter den 10. desember. Kometen var på
det tidspunktet uvanleg kraftig med ein velutvikla gasshale som lett
kunne observerast. Komet Aarseth-Brewington vart frå det sørlige Norge
siste gong sett den 20. desember 1989. Då kometen var på sitt klaraste
i romjula og tidleg på nyåret 1990, var den lett synleg utan kikkert,
men var då diverre
ikkje lenger synleg frå Norge. Kometen nådde då sin maksimal største
lysstyrke på +2,8 magnitude. Komet Aarseth-Brewington var ein av dei
kometane som levde opp til forutberekningane - og vel så det. Det er
det ikkje alle kometar som gjer. Kometen nådde så langt sør som 45
grader sør, den 9. januar 1990. Internasjonale observatørar rapporterte
i slutten av desember 1989 og tidleg på nyåret 1990, om ein særdeles
aktiv og praktfull spredt vifteforma komethale som var mellom 5-10
grader lang. Nærmast Sola i sin nesten hyperbolske bane kom kometen den
27. desember 1989. Avstanden komet-sol var då omlag 47 millioner km.
Kometen bevega seg då bort frå både Sola og Jorda - for godt må ein
nesten seie. For denne kometen kjem diverre aldri igjen - kanksje ikkje
før om 250 000 år.
Komet Aarseth-Brewington 1989w1 fotografert 21. desember 1989 på ein lys morgenhimmel
av Howard J. Brewington. Kulehopen M 107 er synleg til høgre for bildesenteret.
Komet Aarseth-Brewington 1989w1 avbilda i Sky&Telescope. Denne heilsida med tekst
og bilde er frå april 1990.
Komet Aarseth-Brewington 1989w1 vart også omtalt i utenlandske aviser. Her frå
den engelske avisa The Guardian, 8. desember 1989.
Felteikning av komet Aarseth-Brewington1989w1, den 30. desember 1989 7:39 TU. Kometen befann
seg då i stjernebildet Skorpionen, lysstyrke 3.7 magnitude, og den var lett synleg utan kikkert.
Observatør: Adrian Paulo Arquiola, Funes, Argentina. Teikninga til venstre er med ein 7x35 prismekikkert,
medan teikninga til høgre, er kometen sett gjennom eit 80 mm teleskop.
Komet Aarseth-Brewington 1989w1 fotografert 9. desember 1989 klokka 21.47 norsk tid.
Foto: Kazumi Iwagami, Japan
Komet Aarseth-Brewington 1989w1 pryda forsida på det engelske tidsskriftet
The Astronomer.
Komet Aarseth-Brewington 1989w1 fotografert frå Norge 24. november 1989 klokka 19 MET.
Bildet viser ein 12'lang hale mot nord. Foto: Magnar Fjørtoft.
Dei tre nedste bilda på denne heilsida i det japanske astronomitidsskriftet SKY TRAVELER,
nr. 3/1990, viser komet Aarseth-Brewington 1989w1.
Komet Aarseth-Brewington 1989w1 fotografert 18. desember 1989 av Michael Stecker,
Los Angeles, CA., USA.
Denne heilsiden med bilde av komet Aarseth-Brewington 1989w1, er frå det japanske
astronomitidsskriftet SKY TRAVELER nr. 3/1990.
Det to øvste bilda på denne heilsida viser komet Aarseth-Brewington 1989w1.
(SKY TRAVELER nr 3/1990).
Komet Aarseth-Brewington 1989w1 fotografert 9. desember 1989 klokka 21.53 norsk tid.
Foto: Eitoshi Konno, Japan.
Komet Aarseth-Brewington 1989w1 fotografert frå Norge 4.desember 1989 klokka 18.30 norsk tid.
Foto: Odd Trondal. 0.25m f/10 SCT.
Komet Aarseth-Brewington 1989w1 fotografert 31. desember 1989. Foto: Steven Quirk,
Mudgee, New South Wales, Australia.
Foto: Roberto Haver, Italia. Bildet er frå tidsskriftet The Astronomer, England.
Komet Aarseth-Brewington 1989w1 fotografert 23. november 1989. Foto; H.B. Ridley,
England.
Komet Aarseth-Brewington 1989w1 i morgongryet. Foto; Terry Loveloy,
Australia.
Fleire japanske astronomiske tidsskrift publiserte bilde av Komet Aarseth-Brewington 1989w1.
Denne heilsida og på bilde nedanfor, er eit av fleire som vart publisert av kometen
i 1990.