Dei klaraste kometane 1989
| Rangering | Kometens navn | Internasjonal betegnelse | Magnitude | Dato | Komentar |
| 1 | Aarseth-Brewington | 1989 w1 | + 2,8 mag | 24. 12. 1989 | Komet Aarseth-Brewington 1989w1 var den klaraste kometen på himmelen i 1989 og den einaste som var lett synleg med det blotte auget. Dei to andre kometane nedanfor P/Brorsen-Metcalf 1989o, og Okazaki-Levy-Rudenko 1989r, var langt lyssvakare og kunne så vidt skimtast utan kikkert under gode observasjonsforhold. Det vart i 1989 oppdaga heile 17 nye kometar som var ny rekord. Dei andre kometane nedover på statistikken var forholdsvis lyssvake. |
| 2 | P/ Brorsen-Metcalf | 1989 o | + 5,4 mag | 05. 08. 1989 | Komet Brorsen-Metcalf 1989o er ein av dei mest kjente langperiodiske kometane med ei periode på omkring 70 år. Komet Brorsen-Metcalf vart først oppdaga av Theodore Brorsen, Tyskland, den 20. juli 1847. Kometen vart gjenoppdaga i oktober 1919 av Joel Hasting Metcalf, USA, og fekk då navnet Komet Brorsen-Metcalf oppkalla etter dei to astronomane som såg den først. Etter å ha fjerna seg langt bort frå Sola og Jorda etter perihelpassasja i 1919, var det venta at kometen ville kome att i juni 1989. Ein hadde begynt å gi opp håpet om å finne den att då komet Brorsen-Metcalf vart funne av Elinor Helin på Palomar-observatoriet i USA, den 4. juli 1989. Ei av årsakene til at komet Brorsen-Metcalf 1989o vart funnen så seint, var at perihel (då kometen var nærmast Sola i sin bane) vart nådd 15 dagar tidlegare en rekna med. Komet Brorsen-Metcalf auka fort i lysstyrke og var eit fint objekt i prismekikkert og amatørteleskop på nordhimmelen på ettersommaren 1989 før han forsvann i morgongryet i september. Kometens hale var visuelt omlag 2 grader lang. |
| 3 | Okazaki-Levy-Rudenko | 1989r | + 5,7 mag | 23. 11. 1989 | Denne nye kometen vart først oppdaga fotografisk av Kiyomi Okazaki, Japan ved bruk av eit 25 cm Schmidt- kamera den 24. august 1989. Natta etterpå vart den same kometen påvist visuelt av David H. Levy, USA, ved bruk av eit 40 cm reflektor-teleskop. Den tredje og siste som fekk navnet sitt knytta til kometen var Michael Rudenko også frå USA, som natta til den 26. august brukte eit 25 cm stort reflektor-teleskop. Då kometen passerte var nærmast Sola og Jorda i november 1989, var kometen lyssterk nok til at den kunne skimtast med det blotte auget avhengig av gode observasjonsforhold på austhimmelen. Komet Okazaki-Levy- Rudenko bevega seg raskt sørover og nådde den sørlige himmelpolen den 25. desember same år. |
| 4 | Yanaka | 1989r | + 9, 6 mag | 03. 11. 1989 | Tetsuo Yanaka, Japan, oppdaga denne kometen den 29. desember 1988 ved bruk av ein 25x150 prismekikkert. Komet Yanaka 1988r, var uvanleg lyssvak og liten. Kometen passerte perihel (nærmast Sola i sin bane) den 11. desember nesten tre veker før Yanaka oppdaga den og minka i lysstyrke etterkvart som den bevega seg sørover på himmelen. Komet Yanaka 1989r, vart lett observerbar frå den sørlige halvkule i amatørteleskop. |
| 5 | Austin | 1989c1 | + 9,6 mag | 22. 12. 1989 | Dette er den mykje omtala komet Austin som det vart knytt så enorme forventningar til skulle verte ein av århundrets klaraste kometar når den utover våren (mai) 1990 skulle slå til for fullt som ein 0. mags, komet ! Slik skulle det diverre ikkje gå med denne kometen som Rodney R.D. Austin, New Zealand, oppdaga langt nede på sørhimmelen den 22. desember 1989. Komet Austin nådde ei lysstyrke på omlag 9,6 magnitude i desember 1989. Då komet Austin var på sitt klaraste i april-mai 1990, var lysstyrka oppe i respektable + 3,7 og kometen var eit framifrå objekt. |
| 6 | Helin-Roman-Alu | 1989v | 10,0 mag | 20. 11. 1989 | Denne nye kometen nådde perihel (nærmast Sola i sin bane) utanfor Jordas bane den 15. desember 1989. Kometen var svært diffus av utsjånad . Kometen vart oppdaga den 1. oktober 1989 og og holdt seg på 10. storleiksklasse frå oktober og ut året. Kometen utvikla ein hale som visuelt var mellom 1 og 2 grader lang. |
| 7 | Skorichenko-George | 1989e1 | +10,2 mag | 20. 12. 1989 | Ein lyssvak10. mags., komet. Skorichenko-George1989 e1, nådde ei maksimal lysstyrke på +10,2 magnitude den 20. desember 1989. |
| 8 | Yanaka | 1989a | 10,7 mag | 14. 01. 1989 | Denne kometen vart oppdaga den 1. januar 1989 som eit diffust objekt av 11. magnitude av Tetsuo Yanaka, Japan. Denne kometen var Yanaka sin andre kometoppdaging. Kometen som bevega seg langsomt nordover, minka i lystyrke utover i januar-måned 1989. |
| 9 | Bradfield | 1989c | 11, 0 mag | 07. 01. 1989 | Denne kometen vart oppdaga om kvelden den 6. januar 1989 av William A. Bradfield, Australia. Kometen som hadde ein svært diffus utsjånad, passerte Sola nærmast (perihel) i ein avstand av 0,42 AE den 5. desember 1988. Kometen nådde ei maksimal lysstyrke på 11 mag., dagen etter at Bradfield oppdaga han, men minka med 0,1 mag pr. dag i lysstyrke ettersom kometen fjerna seg både frå Sola og jorda. |
| 10 | Shoemaker-Holt-Rodriques | 1989h | 11, 3 mag | 12. 05. 1989 | Denne kometen bevega seg langt nede på sørhimmelen og kunne ikkje observerast frå den nordlige halvkule. Etterkvart som kometen nærma seg perihel (nærmast Sola i sin bane) den 12. juni 1989, vart kometen langsomt klarare sjølv om den befann seg forholdsvis langt borte både frå Sola og Jorda. Komet Shoemaker-Holt Rodriques, nådde ei maksimal lysstyrke på +11, 3 mag., den 12. mai 1989 og kunne observerast i store amatørteleskop. |