Korleis bli amatørastronom?

Mange omsyn å ta før ein kjøper teleskop

Sjølv om det astronomiske miljøet i Norge er "lite" og oversiktleg, finns det eit stort antal personar som observerer stjernehimmelen regelmessig. Mange av disse disponerar eige teleskop og er amatørastronomar. Nokre kjem endå lenger. Dei bygg seg eit eige observatorie. Men, for nybyrjaren som har fatta interesse for verdensromet etter å funne inspirasjon gjennom ei bok, internett eller på annan måte, vil spørsmålet om kjøp av ein astronomisk kikkert eller teleskop, før eller seinare melde seg. Og då er det ikkje så lett åvite kva slags teleskop ein skal velge.Fordi det første teleskopet ofte vil vere heilt avgjerande for nybyrjaren vidare interesse for stjernehimmelen,bør nybyrjaren alltid først spørje erfarne astronomar før ein kjøper, som kan gi gode råd om kva ein bør kjøpe og ikkje kjøpe. Først då kan ein være sikker på at det er det rette teleskopet ein kjøper. Noko generell oppskrift finns ikkje. Kva slags teleskop som er det rette for nybyrjaren, avheng også av kva vedkomande er mest interessert i å observere på stjernehimmelen, og om instrumentet skal vere transportabelt eller permanent oppstilt. Når nybyrjaren først skal bruke pengar på sitt første teleskop, bør vedkomande ha klart for seg at det kanvære lurt å innvestere pengane i noko som gir mest mulig att for pengane. Med andre ord, eit teleskop som ein kan ha glede av i mange år. Men, då må ein også betale meir for det. Då nyttar det ikkje å springe til butikken for å kjøpe disse billige kikkertane med 60-70 mm åpningsdiameter, som finns i dei fleste optiskeforetningane. Slike landskap-kikkertar blir for små og innfrir ikkje heilt forventningane på stjernehimmelen. Det nybyrjaren bør sjå etter, er eit linseteleskop med ein åpningsdiameter helst på 90-100 mm eller større eller eit speilteleskop som har har ein åpningsdiameter på minst 150 mm. Det er først då stjernehimmelen byrjar å åpne seg.Slike teleskop kan ein få kjøpt hos importfirma her i Norge. Ein billegare måte, er å bestille teleskopet frå forhandlar i USA.

Linse teleskop

Linseteleskopet (refraktoren) fungerar slik at lyset blir brote i ei linse som vi kallar for objektiveti kikkertrørets fremste del, og dannar eit brennpunkt (fokus) i andre enden av kikkertrøret, der eit okularforstørrar bildet. Slike linseteleskop leverast med altasimut eller ekvatorialmontering og regulerbart stativ med manuell finjustering av bevegelsane. Ei ekvatorialmontering gir brukaren fleire mulegheiter men er noko dyrare enn altasimutmonteringa, men til gjengjeld er eit linseteleskop med altasimuthmonteringa lettare å transportere. Linseteleskopet er dessutan utstyrt med ein liten søkekikkert som gjer det lettare å finne fram på stjernehimmelen. Eit godt linseteleskop bør helst ha ein objektivdiameter på 90-100 mm. Med eit slikt linseteleskop kan du m.a. sjå skybanda på Jupiter, observere ringane kring Saturn, dei mest lyssterke stjernehopane i Melkeveien og dei lyssterkaste galaksane.

Speil teleskop

Speilteleskopet (Newton-reflektor) fungerar på den måten, at lyset blir reflektert inn mot eit parabolskhovedspeil i botnen av teleskopet, som samlar lyset og kastar det tilbake mot eit 45 grader skråstiltplanspeil. Planspeilet som sit i fremste delen av teleskopet, sender det reflekterte lyset ut til eit okular på utsida av teleskopet. Fordelen med eit speilteleskop, er at det gjer det lettare å observere, samanlikna med andre typer teleskop. Grunnen til det, er okularet si plasering langt framme på teleskopet.Speilteleskop samlar meir lys og er billigast i høve til storleiken. Men, samanlikna med andre typer teleskop, krev speilteleskopet meir vedlikehald for at optikken skal yte maksimalt,som etterjustering av speila fordi dei kan kome ut av opplinjering. Med litt trening går det greit å utføre ei slik opplinjering av dei to speila, slik at dei står vinkelrett på den optiske aksen.Speilteleskop er eit all-round teleskop, og er velegna for alle typer objekt, spesielt for observasjonarav lyssvakare objekt som galaksar og tåker. Eit 200mm (8 tommar) eller 250 mm (10 tommar) med ekvatorialmontering, er eit passe stort teleskop for nybyrjaren. Mindre speilteleskop, enn 150 mm blir i minste laget til slike observasjonar .

Cassegrain teleskop

Schmidt-Cassegrain er svært populært teleskop blant amatør-astronomane. Ein av grunnane til det, er konstruksjonen som gjer dei kompakte, og at sjølv store teleskop av denne typen er transportable. Ein annan fordel med å velge eit Schmidt-Cassegrain-teleskop, er at disse teleskop har lang levetid, fordi det optiske systemet er lukka av ei sfærisk korreksjonslinse foran lysåpninga. Dermed treng ein ikkje å fornye det optiske overflatebelegget, slik ein må gjere med dei åpne teleskop systema. Schmidt-Cassegrain teleskop brukar både linser og speil i det optiske systemet. I motsetning til Newton-reflektoren sekunderspeil, som sender lyset frå hovedspeil ut til okularet på sida av teleskoprøret, har Cassegrain-teleskopet eit konveks sekunderspeil som sender lyset gjennom eit hol i sentrum av hovedspeilet til okularet som er plassert bak på teleskopet. Det er sekunderspeilet si form som gjer at bildet blir forstørra og brennvidda blir forholdsvis lang i forhold til lengda på teleskoprøret. Ein av fordelane med dette, er at teleskopet tek mindre plass enn t.d. det ein Newton-reflektor ville ha gjort. Ei ulempe med denne okularplasseringa bak, er at Schmidt-Cassegrain teleskopet ikkje er så gode å observere med som eit Newton-teleskop, som har okularet langt framme på utsida av teleskoprøret.

Maksutov Cassegrain teleskop

Eit Maksutov-Cassegrain teleskop er ei forbetra utgåve av Schmidt-Cassegrain teleskopet, utstyrt med ei menisk (sterkt kurva) tjukk linse i staden for ei asfærisk korreksjonslinse. På Maksutov-Cassegrain teleskopa er sekunderspeilet "lagt" på denne sterkt kurva korreksjonslinsa. Liksom Schmidt-Cassegrain teleskopet, har dette teleskopet den fordelen at optikken er beskytta og er lett å bruke. Maksutov-Cassegrain teleskop gir bilde av svært høg kvalitet og kontrast og tåler høg forstørrelse. Eit vanleg begynnar teleskop av denne typen er eit med 100-150 mm åpningsdiameter.

Dobson teleskop

Dobson-teleskopa er både populære, og enkle i måten dei fungerar og er bygd opp på. Ingen andre teleskop gir amatørastronomane så mykje lysåpning for pengane. Eit Dobson-teleskop er alt-asimut, der høgde-aksen (altitude) gir ein opp og ned bevegelse, medan asimut-aksen er for dreining av teleskopet til begge sider. Dobson-monteringane er stabile og lette å sette opp. Sjølve teleskopet kviler på eit par roterande hjul og friksjonslager, medan monteringa er ei kasse som roterar på ei botnplate omkring asimut-aksen. Dobson-teleskopa har vanlegvis inga motordrift eller fininstillingar og må bevegast manuelt ved å ta tak i teleskoprøret. I dei seinare år, har fleire produsentar, kome på marknaden med Dobson-teleskop med høg optisk og mekanisk kvalitet til rimeleg pris. Med digitale encodarar og datatyrt handkontroll, kan ein idag få kjøpt slike teleskop som har innstilling til fleire tusen objekt i databasen. Eller ein kan velge å bygge alt sjølv. Ei såkalla GOTO er også mulig, slik at ei datamaskin og to motorar bevegar teleskopet dit du vil, og samstundes følger objektet. Men, lysåpninga er det viktigaste. Med eit 8-10 tommar eller større Dobson-teleskop, kan ein observere både galaksar og andre fjerntliggande objekt i universet.

Forhandlarar for Astronomiske teleskop i Norge

Teno Astro

Celesta Optikk free webpage hit counter