Alcor og Mizar i Karlsvogna, ei av dei mest kjente stjernene på himmelen



Karlsvogna slik vi kjenner den på stjernehimmelen



Desse to tilsynelatande nærliggande stjernene i "handtaket" til Karlsvogna er lett synlige og kjent blant folk flest. Alcor t.v. på bildet har ei tilsynelatande lysstyrke på 4,0 magnitude, medan Mizar den klaraste av dei, sin lysstyrke er på 2,1 magnitude. Med ein prismekikkert eller eit teleskop kan vi sjå at Mizar skiljast i to stjerner !

Optiske dobbeltstjerner


Ingen annan stjernefigur på nordhimmelen er betre kjent blant folk flest enn Karlsvogna. Når vi betraktar Karlsvogna, legger vi spesielt merke til dei to nærliggande stjernene Mizar og Alcor der vognhandtaket bøyer av. Avstanden til Mizar som er den klaraste av dei, er 78 lysår medan avstanden til Alcor som er den lyssvakaste, er 81 lysår. Ser ein nøyare etter, kan det sjå ut som Alcor kretsar kring Mizar. Om Alcor verkeleg er fysisk forbunde med Mizar, er vi ikkje heilt sikre på. Men, med ein avstand på over 3 lysår mellom dei, er dette lite truleg. Mizar og Alcor er derfor berre eit optisk dobbeltstjernesystem, som ser ut til å være nær kvarandre på grunn av synsvinkelen vi ser dei frå Jorda.

Mizar (Zeta Ursae Majoris) er ei av dei mest kjente stjernene på himmelen. Med ei lysstyrke på 2,27 magnitude er Mizar betraktelig klarare enn Alcor som har magnitude 4,01. Sett med det blotte auget, står Alcor 12 bogeminutt eller 1/5 grad nordaust for Mizar. Rettar vi eit astronomisk teleskop mot Mizar, vil vi sjå at den er ei dobbelstjerne. Avstanden mellom Mizar A og Mizar B er 14 bogesekund. Dette betyr at avstanden mellom dei er minst 500 astronomiske einheter eller meir enn 500 gonger avstanden mellom Sola og Jorda og at Mizar A og Mizar B brukar 5000 år for å gjere eit omløp om kvarandre. Ved bruk av 50-100 gongar forstørrelse kan ein kunne skilje dei to stjernene så pass frå kvarandre at ein tydeleg kan sjå den mørke himmelbakgrunnen mellom dei. Endå meir bemerkelsesverdig er det, at kvar av desse to komponentane igjen er dobbelstjerner ! Den klaraste av desse to stjernene har igjen eit nærliggande stjernepar som står så nær inntil kvarandre at dei ikkje kan observerast visuelt. Mizar er med andre ord ei dobbelt-dobbelt stjernesystem, som bevegar seg gjennom verdensromet saman med sin langt meir fjerne kompanjong, Alcor ! Truleg utgjer Mizar og Alcor eit fleirdobbelt stjernesystem der det tek Alcor nesten 1 000 000 år og kretse ein gong kring Mizar ! Alle stjernene i Mizar-Alcor systemet, tilhøyrer hovedserien slik som vår stjerne Sola, men er langt varmare og varierar frå spektralklasse A2 til A7 for dei lyssvakaste. Lysstyrken til desse stjernene er forskjellig frå 10 til 30 gonger lysstyrken til Sola. Analyser av stjerne i Mizar-systemet viser, at komponentane har ei masse opp til 2,5 gonger Sola sin masse, medan det lyssvakaste stjerneparet har ei masse på 1/6 av Sola si masse.

free html hit counter