HjemUkategorisertBra med besøk på Kometland

Dsc_0092

Værmessig har det vore lite med stjerneklare kveldar i januar og februar. Faktisk den dårligaste på mange år. Mellom lavtrykka og dei store snømengdene, har det likevel vore nokre klare kveldar under stjernehimmelen. Desse unge damene på bildet, var blant dei som fekk med seg noko av det vinterstjernehimmelen byr på.

Dsc_0034

Den første veka i januar var det mange flotte stjerneklare kveldar og netter her på Kometland, før veret la om til mykje snø. Eit hundretals personar i alle aldesgrupper nytta anledninga til å besøke Astronomisenteret for å observere stjernehimmelen. Mange objekt vart vist fram, alt frå planetariske tåker til stjernehopar og fjerntliggande galaksar, noko som tydelegvis engasjerte sjølv om det var minus 10-12 grader.. For dei minste mellom 7 og 12 år, var det ekstra kjekt og få med seg heim att flotte plakatar i 4X4 format på stivt papir som i tekst og bilde, orienterte om det dei hadde fått sett. Handfaste minne i tillegg til visuelle inntrykk.

Det er stengt for kommentarer.

Translate »