HjemUkategorisert– Sjå etter meteorar på stjernehimmelen mandag kveld og natt !

gem_14des15_kl23

Illustrasjonen viser stjernebildet Gemini (Tvillingane) der meteorsvermen Geminidane synest å stråle ut frå på himmelen. Radianten ligg like nord for den klare stjerna Castor som markerar hovudet til den eine av dei to tvillingane øverst i stjernebildet slik vi ser det seint på natta til tirsdag 15. desember. (Skjermdump frå Stellarium.)

 

Mandag 14. desember om kvelden og utover natta, bør ein fylje med på kvar som hender på stjernehimmelen. Det kan bli ei oppleving !  Den mest stabile av årets meteorsvermar, Geminidene, er då venta å vere ganske aktiv. Forholda i år ligg godt tilrette for denne fine førejulsvermen fordi vi slepp det sjenerande lyset frå Månen.

Fleire titalls i timen

Dermed kan vi også sjå endå fleire lyssvake meteorar, i tillegg til dei aller klaraste. Er det klarver, kan vi sjå fleire titalls såkalla stjerne-skot – kanksje så mange som 60 meteorar eller meir i timen om vi er heldige når Gemidane er mest aktiv. Men, det gjenstår og sjå.

Størst aktivitet natt til tirsdag 15. desember

Aktiviteten er venta å vere størst etter midnatt eller utover natta til tirsdag 15. desember. Meteorsvermen Geminidane er som navnet seier, fått navnet, fordi den synest å kome frå stjernebildet Gemini (Tvillingane). Området på stjernehimmelen som svermen kjem frå, har posisjon RA 07h 12 minutt og + 32 grader nord, eller like nord for den klare stjerna Castor. Radianten vil stå høgt på himmelen i sørlig retning utover natta til tirsdag 15. desember då aktiviten er forventa å vere størst.

Langsome meteorar

Geminidane er kjent for å vere blant dei langsomme meteorsvermane. Når den møter jordatmosfæren er hastigheita 35 km i sekundet eller omlag 135 000 km i timen. Desse er alt frå små faste partiklar til større steinar som fargerike eldkuler og bolider som lyser opp lufta foran seg i ei høgde av mellom 90-50 km over jordoverflata på sin ferd nedover i atmosfæren, før dei sloknar etter nokre få sekund.  Av og til hender det, at dei største og lyssterkaste kan unngå å fordampe vekk på grunn av den enorme varmen som oppstår og energien dei utløyser ved møtet med atmosfæra, og nå jordoverflata som meteorittar. .

Kjem frå ei asteroide

Medan dei aller fleste av meteorsvermane har sitt opphav i kjente periodiske kometar, er merkeleg nok Geminidane, knytta til ei asteroide med navnet 3200 Phaethon. Denne asteroiden av stein, vart først påvist så seint som i 1983 av NASA sin IRAS-satelitt. Den eksentriske banen til 3200 Phaethon, gjer at den kjem nærmare Sola enn nokon anna nummerert asteroide. Bana som når eit godt stykke innanfor planeten Merkur sin bane kvart 1,42 år, kan samanliknast med kometbaner. Det har aldri vorte observert nokon koma, gass eller støvhale tilknytta 3200 Phaethon, som har vorte sett på som ei inaktiv kometkjerne.

Følg med på stjernehimmelen mandag kveld.

Mandag kveld og utover natta gjeklder det å fylje med på kvar som hender på stjernehimmelen. Frå klokka 21.00 om kvelden. Ein trenger ikkje kikkert for å sjå Geminidane. Men, det er viktig å kle seg godt så ein ikkje fryser. Noko og bite i og varm drikke aukar trivselen og ikkje minst lysta til å fylje med. Ta gjerne nokre økter av gongen. Men, det er viktig å ha tolmodigheit og berre vente og sjå kva som dukkar opp ! Men, hugs på og observer frå eit område langt unna kunstig belysning så ein unngår og miste nattesynet !

Det er stengt for kommentarer.

Translate »