HjemUkategorisertPlanetane i oktober-november 2015

Merkur 

Den minste planeten i solsystemet vårt, er den som er vanskeligast og få auge på, fordi den alltid held seg i nærleiken av Sola. Men, prøv å finn Merkur eit par timar før soloppgang på morgonhimmelen i søraust. Med eit astronomisk teleskop vil ein kunne observere planetens skive og skiftande fase. Den 16. oktober om morgonen, når Merkur sin største vinkelavstand frå Sola på 18 grader, som kan observerast eit stykke ut i november.

Venus

Vår indre naboplanet, kan sjåast som ei strålande objekt i aust-søraust seint på natta. Venus som er synleg heile natta, er det klart lyssterkaste objektet med ei lysstyrke på omkring minus 4.0 magnitude. Berre overgått av Månen i lysstyrke. Fasen til Venus er aukande. Den 26.oktober når Venus sin største vinkelavstand frå Sola på heile 46 grader. Nokre dagar seinare i månadskiftet oktober-november, kan planeten observerast som ein halvmåne. Følg Venus gjennom eit teleskop til etter soloppgang.

Mars

Denne planeten er ikkje gunstig å observere i år. Planeten sin diameter er tilsynelatande liten – berre mellom 4 og 5″ (bogesekund). I tillegg har planeten lav lysstyrke for Mars å vere, med omlag + 1,7 magnitude. I oktober-november kan Mars sjåast i aust-sør-aust seint på natta.

Jupiter 

Solsystemets største og mest massive planet kjem tilsyne tidlegare og tidlegare om natta utover hausten. Dette er noko å sjå fram til. Jupiter som er kjent for sine fire gallileiske månar og fordi den viser oss fleire detailjar enn nokon annan planet,, er lett å få auge på saman med Venus og Mars i oktober i nærleiken av stjerna Regulus i stjernebildet Løva (Leo). Lysstyrken til Jupiter er forholdsvis stor omkring – (minus) 2.0 magnitude, men lyser ein del svakare enn Venus.

Saturn

Ringplaneten står lavt i sørvest og er vanskeleg å observere, frå store delar av Norge.

Uranus

Uranus var i opposisjon den 12. oktober og står forholdsvis høgt på stjernehimmelen i sør etter midnatt, i stjernebildet Fiskane. For å finne planetens vesle grøne skive, trenger ein eit teleskop som befinner seg i nærleiken av stjernene epsilon og 80 Piscium i same stjernebilde. Er man heldig  kan ein kunne observere Uranus skiveeform, men denne er ikkje stor – berre 3,7 bogesekund. Lysstyrken til Uranus er forholdsvis stor med + 5,7 mag.som kan observerast sjølv i ein prismekikkert avhengig om ein veit kvar den er. Uranus er oppe heile natta gjennom. Planeten sin posisjon den 20. oktober er RA  01h 08` minutt og + 06 grader og 06` minutt, som forandrar seg lite utover i november.

Neptun

Solsystemets ytterste planet, er vanskeligare å observere enn Uranus. Dessuten er den  lyssvakare. Lysstyrken er i underkant av 8,0 magnitude. Den tilsynelatande diameteren er liten berre omkring 2,0″ bogesekund. Utover hausten kjem Neptun opp tidlegare og tidlegare, som befinner seg i stjernebildet Vassmannen. Den 20. oktober er posisjonen til Neptun RA 22h 37`og – (minus) 09 grader 36` minutt. Denne posisjonen forandrar seg lite utover i november.

 

 

Det er stengt for kommentarer.

Translate »