HjemUkategorisertSpektakulær og sjeldan måneformørkelse

Natt til mandag 28.september, fekk vi oppleve den første totale måneformørkinga som var synleg i Norge sidan 10. desember 2011. Den delvise formørkinga starta klokka 03.07 i det Månen nådde fram til Jorda sin kjegleforma kjerneskugge. Frå klokka 04.11, var heile Månen kome inn i kjerneskuggen. Mellom klokka 04.11 og 05.24 var formørkinga best og raudast. Bilda er tatt på ein delvis skya og til tider disig stjernehimmel, viser ulike fargenyansar.
IMG_0925

Bilde frå den totale måneformørkinga, natt til 28. september. Bildet er tatt gjennom ei 300 mm Canon telelinse, f/5.6  Eksponeringtid: 2 sekund. ISO 800.  Varierande observasjonsforhold med dis og skyer.  Foto: Kometland.

                                                        Stor måne

Det som var så spesielt med måneformørkinga denne gongen, var at Månen kom så nær Jorda som den nesten kan kome. Dette hende klokka 03.48 midt under fiormørkinga. Månens bane var då «berre» 356 876 km frå Joirda sitt sentrum. At Månen var nærmare Jorda enn på fleire ti-år under ei total måneformørking, høyrer med til sjeldenheitene. Vanlegvis er avstanden til Månen gjennomsnittleg 384 400 km.

IMG_0910 Bilde frå den totale måneformørkinga, natt til 28. september. Bildet er tatt gjennom ei 300 mm Canon telelinse, f/5.6  Eksponeringtid: 4 sekund.  ISO 800. Varierande observasjonsforhold med dis og skyer.  Foto: Kometland.

                                                            Lett synleg 

Når formørkinga nådde maksimum klokka 04.47, hadde Månen fått den karakteristiske raudaktige lysskjæret, noko som også gjorde seg gjeldande under den innleiande partielle fasen. Kor lys eller mørk Månen vert, varierar frå formørking til formørking. Den lyse delen av Månen som er lysare enn den nordlige, skuldast at Månen bevega sør i jordskuggen. Det raudaktige lyset skuldast at sollyset vert avbøyd på sin veg gjennom jordatmosfæren. Men også skyer langs jordranda er medverkande til dette. Månen har ved tidlegare måneformørkingar vorte så mørk at den kan verte vanskeleg å sjå. Er der mykje støvpartiklar i jordatmosfæren, kan dette hende. Det skjedde ikkje denne gongen. Den totale delen av formørkinga som varte i 1 time og 13 minutt, fram til klokka 05.24 då den avsluttande delvise fasen vart innleia. Først klokka 06.27 forlot Månen kjerneskuggen og såg ut slik vi vanlegvis kjenner fullmånen, lavt på vesthimmelen i det det lysna av dag.

 IMG_0924  Bilde frå den totale måneformørkinga, natt til 28. september. Bildet er tatt gjennom ei 300 mm Canon telelinse, f/5.6  Eksponeringtid: 3 sekund.  ISO 800. Varierande observasjonsforhold prega av dis og skyer.  Foto: Kometland.

                                                 Over 3 år til neste gong

Neste totale måneformørking som er synleg i Norge, kjem ikkje før 31. januar 2018.

Det er stengt for kommentarer.

Translate »