HjemUkategorisertOm Kometland

 Astronomisenteret Kometland er eit 2 millionar-prosjekt som består av så mange som  fem (5) observatorier. Desse er samanbundne av store terasser og rekkverk. I tillegg kjem eit kometmuseum som skildrar det som vart publisert i inn og utland i aviser og tidsskrift osv., om kometoppdaginga i 1989. Interiørmessig,er senteret uvanleg bra og solid dimensjonert mot vær og vind, som ligg 234 meter over havnivå.like nord for Volda sentrum.

 Horisonten mot vest og i sørleg retning er bra. Det totale arealet som Kometland disponerar, er på heile 2600 m2. Astronomisenteret inneheld mykje flott og informativ norsk og engelsk-språkleg informasjon på store laminerte aluminiumsplater, som gjev besøkane nyttig informasjon om verdensromet. Astronomisenteret har eigen snøfresar og ein 4x traktor til å frakte ting med, den 370 meter lange gangvegen opp til senteret. Kometland er eineståande i amatørsamanheng både i storleik og måten det er bygd opp på.

Img_0981

IMG_0735IMG_0732

                            Kometland er kanksje det største amatør-observatoriet i verda av typen Roll-off-Roof, som er bygd og eigd av ein privat person. Sjølv om anlegget er imponerande stort, kan ein ikkje seie det same om teleskop utstyret. Det største har ein  speildiameter på over 400 mm, men llikevel godt over det som er vanleg.At det ligg meir enn 30 års innsats for å realisere Kometland slik det er i dag, skuldast mykje at før den belyste «Kometvegen» vart realisert for vel 12 år sidan, måtte alt byggemateriale bærast opp den kronglete stien. Litt av ein kjempejobb ! Det einaste eg ikkje brukte energi på, var å bære vatn. Det kom ovanfrå, så det var berre og samle det opp.  At det som starta opp med eit observatorie på 4×8 meter skulle utvikle seg til noko så stort som det er i dag, hadde eg ikkje forestilt megDSC_0256 Stor publikum-interesse og sprengt mottak kapasitet ligg bak. Men, så er det også mange som har støtta opp under prosjektet med gåvemidlar, kronerulling og ved drifts-inntekter i tillegg til eigeninnsats reint økonomisk, for å få dette til.  Kometoppdaginga i november 1989, har medverka sterkt til dette. At det til tider har vore reine folkevandinga til Kometland, seier det meste. Ved spesielle hendingar på stjernehimmelen som under måne og solformørkingar, osv., har det vore hundrevis av  frammøtte på Kometland.  Astronomisenteret som er bemanna heile døgnet av underteikna, er utstyrt med alarmar, overvåkingkameraer, har fleire varmerom, og eit stort opphaldsrom med sitjeplassar for dei besøkane. 

Det er stengt for kommentarer.

Translate »