HjemUkategorisertKomet Aarseth-Brewington 1989w1



 

Foto: Michael Jager, Flschamend, Austria, 18.desember 1989, klokka 1
8.21 UT. 8″ f/1.5
Schmidtcamera. 8 min. Kodalith HYP. R-0.42 AE

 

Torsdag 16. november 1989 klokka 18.29, vart denne kometen som den første i verden, oppdaga av amatør-astronom Knut B. Aarseth, i Volda. Kometen fekk eit dobbeltnavn, i og med den amerikanske amatør-astronomen Howard J. Brewington frå delstaten South Carolina, observerte den uavhengig nokre få timar seinare. Oppdaginga til  Aarseth, som var den første norske kometoppdaginga på 50 år, førte til store oppslag i riksdekkande media.

Infridde forventningane

Kometoppdaginga var ikkje berre historisk i dobbelt forstand, men var også ein stor sensasjon som riksmedia slo stort opp. Interessa vart ikkje noko mindre, tvert i mot, då det vart gjort kjent at kometen faktisk kunne verte så lyssterk som 2. magnitude, og synleg utan kikkert. Ein snakka til og med om 1980-åra`s klaraste komet, noko komet Aarseth-Brewington 1989a1 så og seie også innfridde, som den tredje lyssterkaste på stjernehimmelen det tiåret, like bak sjølvaste Halleys komet !

Komet Aarseth-Brewington 1989w1

Komet Aarseth-Brewington 1989w1., den 20. desember 1989. Foto: Ronald Royer, Wrightwood, California, USA.

Då kometen vart oppdaga den 16.november 1989 klokka 18.29 om kvelden, befann den seg i grenseområdet mellom stjernebilda Corona Borealis og Herkules forholdsvis lavt på vesthimmelen. Kometen var då 237 millionar km frå Jorda, eller like innanfor planeten Mars si bane, og bevega seg i sørleg retning Sola, med ei hastigheit – på utrulege 75 km i sekundet – eller omtrent 276 000 km i timen !

Aarseth-Brewington

Komet Aarseth-Brewington 1989w1., fotografert i desember 1989. Foto: Universidal Nacional, de Mexico

 

Kappløp med tida

Lite visste eg den gongen at eg hadde gjort mitt livs store oppdagelse, då eg fekk auge på den lyssvake tåkeflekken i teleskopet. Det tok ikkje mange sekund før eg var heilt sikker på, at det måtte være ein ny komet eg hadde funne. Dermed vart eit hektisk og nøyaktig kappløp med tida i løpet av den halvtimen eg hadde til rådigheit før Månen kom opp i aust med sitt sterke lys, noko som ville gjere det vanskeleg å observere den lyssvake kometen.

Ei rekke nøyaktige målingar måtte gjerast for at kometoppdaginga skulle verte godkjent av IAU (Den Internasjonale Astronomiske Union) som navngir nye oppdagingar på stjernehimmelen. Berekningar av kometens posisjon, bevegelse-retning, lysstyrke, komadiameter, sentralkondensasjon, og om evt. hale, måtte gjerast før ein rapporterte inn til IAU

japab2

Komet Aarseth-Brewington 1989w1.,  fotografert den 9. desember 1989. Foto: Kazimi Ivagami, Japan.

 

1989w1_2112

Komet Aarseth-Brewington 1989w1 fotografert den 21. desember 1989. Foto: B. Leitner, Germany.

1989w1_karte

Komet Aarseth-Brewington 1989w1 sin bane på stjernehimmelen i desember 1989

1989w1_iauc

Astrometry and photography by D. Buczynski and G. Marah, at Conder Drow Observatiory. (IAU 4311)

 

Set store krav

Her var kjennskapet til stjernehimmelens utsjånad til ei kvar tid som eg hadde erverva meg etter mange års observasjonar, heilt avgjerande til at eg var heilt sikker på, at det var ein ny komet eg hadde funne. For det er mange omsyn å ta fordi på stjernehimmelen blant galaksar, tåker og stjerner, er det mange komet-lignande objekt som ikkje er kometar. Det var berre ein ting eg ikkje var sikker på, det var om eg var for seint ute.

 

Omtala i New Scientist 

   And the comet which they saw in the North . . .
  • 09 December 1989
  • Magazine issue 1694.

EARLY-RISING sky watchers can search for a Christmas comet this year, but like most recent comets it will be hard to see except in clear, dark skies. Knut Aarseth in Norway and Howard Brewington in Newberry, South Carolina, discovered the comet on 16 November, near the border of the constellations Hercules and Corona Borealis.

Brian Marsden of the Harvard-Smithsonian Astrophysical Observatory predicts that the comet will reach third magnitude – comparable to the third brightest star in the Little Bear – by Christmas. Discovered when it was ninth magnitude, too faint to see with the naked eye, Comet Aarseth-Brewington is getting brighter and moving south in the morning sky as it approaches the Sun. Marsden predicts it will reach fifth magnitude on 15 December and magitude 3.8 on 20 December.

Although it will become brighter, it will be harder to see by Christmas, when it will be only 18 to …

 

http://www.newscientist.com/article/mg12416940.200-and-the-comet-which-they-saw-in-the-north—.html

theastronomer

 

Komet Aarseth-Brewington 1989w1 på førstesida av det engelske månedlige tidsskriftet The Astronomer, i januar 1990.

For og få navnet sitt knytta til ei kometoppdaging, må ein enten være den første eller blant dei tre første. Skulle det være fleire enn tre observatørar som oppdagar ein ny komet omtrent samtidig, for kometen berre eit tallbokstav-nummer. På det tidspunktet eg gjorde kometoppdaginga, var eg klar over at japanarar og andre på den andre sida av Jorda, hadde ein sjenerande måne på himmelen, så eg forstod at ei viss mulegheit var til stades, samstundes som land som USA låg nokre timar bak oss i tid.

 

Komet Aarseth-Brewington 1989w1 den 3. desember 1989. Foto: Norbert Mrozek.

 

Spennande dagar og ventetid

Etter at meldinga om den nye kometen vart rapportert inn, vart det nokre spennande dagar og ventetid på den offisielle stadfestinga  frå IAU skulle kome på at den nye kometen vart navngitt. Då meldinga frå byrået CBAT i USA kom to dagar seinare, om at kometen navngitt og hadde fått navnet komet Aarseth-Brewington1989a1, trudde eg nesten ikkje. Det var stort. Flagget måtte til topps heime.! Oppdaginga av den nye kometen var endeleg offisiellt bekrefta !  Ikkje rart at ein kan miste nattsøvnen og roa  av noko slik !  Men, noko av æra skal min tidlegare kollega Runar Lunde ha, som kontakta sentralbyrået i USA, som rapporterte inn om den nye kometen. Eg hadde oppnådd mitt store mål som amatør-astronom, noko berre nokre få sjølv på verdensbasis, klarer.

10 år med systematisk leiting

10 år med systematisk leiting over store område på stjernehimmelen, hadde endeleg gitt resultat. Det var nesten ufatteleg å tenkje på, at ein frå «regnvåte» Sunnmøre og Volda, hadde gjort den første norske kometoppdaginga på 50 år !  Noko større anerkjenning enn og få ein himmellekam oppkalla etter seg, kan ein ikkje få, som amatør-astronom. Frå Institutt for Teoretisk Astrofysikk ved universitetet i Oslo, vart det sendt ut ei oppfordring til norske amatør-astronomar om å sjå etter kometen, som kunne bekrefte oppdaginga mi.

astronomy

I mai utgåva av det amerikanske tidsskriftet ASTRONOMY, var det med fleire av komet Aarseth-Brewington 1989w1.

 

Komet Aarseth-Brewington 1989w1 fotografert den 3 desember 1989 klokka 05.04 UT med  f=300 mm. Foto: Norbert Mrozek. 

Stor interesse

Alt oppstyret som fulgte gjorde at mykje folk i Norge gjekk ut for å speide etter den nye «norske» kometen. For etter 50 år med norsk komet-tørke var dette ei stor nyheit som slo ned som ei bombe som vakte stor oppsikt. For er det noko på stjernehimmelen bortsett frå formørkingar som vekker interesse blant folk flest, så er det når lyssterke kometar viser seg fram på stjernehimmelen. Det året i 1989 var komet Aarseth-Brewington 1989a1 i ei særklasse som den klaraste kometen på stjernehimmelen, som ein av 17 nyoppdaga kometar det året, som var ny rekord !  I tillegg til nokre periodiske kometar.

avisreferat

Den engelske storavisa The Guardian, omtalte komet Aarseth-Brewington 1989w1, den 8. desember 1989

 

Internasjonal omtale

Dette medførte at komet Aarseth-Brewington 1989a1 som var den siste kometoppdaginga i 1989, fekk mykje internasjonal oppmerksomheit og omtale. Ei rekke flotte bilder vart publiserte av astronomar frå mange land i store delar av verda og i leiiande fagtidsskrift og aviser.Det tyske tidsskriftet Sterne og Weltraum skreiv med anna, «at aldri tidlegare hadde nokon oppdaga ein komet frå så langt nord på vår planet»..  I andre store tidsskrift som det amerikanske Astronomy skreiv den anerkjente astronomen George W. Gliba, med store ord, «at komet Aarseth-Brewington 1989a1 var den flottaste han hadde sett sidan Halleys komet, med sin flotte kurva hale..»  Mange bilde og omtale vart også publiserte i Japan, Europa og Australia osv.

last ned

Det kjente tidsskriftet Sky&Telescope, publiserte fleire bilder og skreiv om komet Aarseth-Brewington 1989w1, i april utgåva 1990

 

Aktiv komet

Komet Aarseth-Brewington 1989a1 som kom som ei julegåve til forskarane, var svært aktiv i og med lysstyrke og halelengda forandra seg betydeleg på kort tid. Kometen som nådde sin maksimale lysstyrke ved juletider i 1989, nådde ei visuell magnitude på + 2,8 mag., då kometen var på sitt nærmaste til Sola og Jorda .I løpet av november-desember vart det rapportert om at kometen var svært aktiv, og var synleg både på kvelds og morgonhimmelen.

Siste gong frå Norge

Siste gongen komet Aarseth-Brewington 1989a1 vart observert frå det sørlige Norge, var  omkring den 20. desember 1989. Kometen bevega seg då stadig lenger mot sør på stjernehimmelen, gjennom stjernebilda Serpens Caput, Ophiuchus og inn i Skorpionen.. Internasjonale observatørar rapporterte om ein praktfull komethale omkring den 27. desember 1989, då kometen var nærmast Sola i perihel i ein avstand av 0,31 AE eller 45 millionar km, samstundes som den bevega seg bort frå både Sola og Jorda. Den flotte viftehalen var då rapportert å være mellom 5 og 10 grader lang !

Fekk vist seg fram

Siste gong komet Aarseth-Brewington 1989a1 vart observert frå Jorda var ein av dei første dagane på nyåret 1990, av australske og andre observatørar på den sørlige halvkule, før den forsvann vidare ut i verdensromet for godt. Men, den fekk iallefall vist seg fram i løpet av dei nesten to månadane den var synleg, etter at den vart oppdaga 16. november 1989. Det er ikkje så mange kometar som oppnår. Komet Aarseth-Brewington 1989a1 står fortsatt på IAU si offisielle liste over dei mest lyssterke kometane sidan 1935. Eg må berre seie, at eg har vore heldig som fekk oppleve dette komet-eventyret !

 

 

 

 

 

 

.

Det er stengt for kommentarer.

Translate »