HjemUkategorisertNorges største teleskop er klar for bruk på Kometland

Norges største amatør-teleskop, er på plass i det nye store flotte observatoriet på Kometland. Dette er årets julegåve for alle som har vore med og bidrege til teleskopet gjennom den velukka kronerullinga vi hadde for eit par år sidan, der vi fekk inn over 300 000 kroner ! Godt gjort for å vere i Volda, noko som seier ein del om populariteten til Kometland. No når teleskopet er på plass og alt så langt ser ut til å fungere som det skal, håper vi og få testa ut ArgoNavis-systemet og optikken på stjernehimmelen tidleg i januar, og gjere eventuelle etterjusteringar av hovedspeil/sekunderspeil (kolliminering) og driverket om det er nødvendig. Vi trur dette kjempestore telekopet, kjem til å verte ein stor attraksjon for dei besøkande på Kometland, eit teleskop som til ei viss grad, vil stå bra i forhold til storleiken til Astronomisenteret Kometland. Teleskopet som er betydeleg større enn noko anna amatørteleskop i Norge, kan koblast til datamaskin og styrast trådlaust frå eit av kontrollroma på Kometland. Optikken er levert av Hubble Optics, medan sjølve teleskopet er bygd av teleskopmaker David Lukehurst i England. Dei øvrige komponentane til driverket er produserte i Australia og av Astrosystems i USA. Det er med spenning vi ser fram til first light over nyttår, noko også mange andre gjer. Interessa for prosjektet er stor blant folk i Volda. Det høyrer vi ofte. I lokalavisa Møre, pryda bildet av teleskopet m.a. nesten heile framsida av avisa, og ei massevis av gratulasjonar og positive komentarar frå folk på ei mykje besøkt lokal facebook-side.

Det er stengt for kommentarer.

Translate »