HjemUkategorisertMånen og Mars

Flott konjunksjon på austhimmelen i går kveld, då Månen passerte tilsynelatande nær den strålande planeten Mars. Avstanden mellom dei, var omlag 1,5 grad. Bildet er teke med ei 300mm telelinse 1/10 sekund eksponeringstid, på Kometland seint i går kveld 2. oktober. Mars har no si største lysstyrke med ei magnitude på heile 2,6 mag., fordi vår ytre naboplanet kjem nærmast Jorda den 6. oktober og i opposisjon til Sola den 13. oktober. Teleskopisk går vi forhåpentlegvis mot nokre interessante dagar og veker i møte med Mars utover hausten.

Det er stengt for kommentarer.

Translate »