HjemUkategorisertKometmuseet




Kometmuseet som det kallast, viser det meste av det som vart skrive nasjonalt og internasjonalt om komet Aarseth-Brewington 1989w1 i astronomiske tidskrift og aviser. Museet har mange flotte bilde og teikningar både frå amatørar og profesjonelle astronomar frå mange land. Kometoppdaginga i 1989 var den første av ein nordmann på 50 år. I 1989 vart det oppdaga heile 17 nye kometar, som var ny rekord. Ein av desse var komet Aarseth-Brewington 1989w1., som vart den klaraste kometen på stjernehimmelen det året og den einaste som kunne sjåast utan kikkert.  Når kometar vert så klare, vert dei også lagt merke til utanfor astronomane sine rekker, og dei vert interessante for media.

kometmuseet89

Logoen ved inngangsdøra til komet-museet, som vart offisielt opna av den velkjente romfarts-eksperten Erik Tandberg i anledning 10 års markeringa for kometoppdaginga i november 1999.

kometmuseetKometmuseet. Bildet som er frå 1999, vil bli oppgradert seinare.

kometmuseum5

Heilside oppslag om kometen i VG og Dagbladet like etter at kometoppdaginga vart gjort kjent. 

kometmuseum1

Ei rekke japanske tidsskrift publiserte mange bilder av komet Aarseth-Brewington.

aftenposten

Heilsides oppslag frå Aftenposten.

kometmuseum3

Også i USA vart det skrive om kometen. Dette fekk eg oversendt frå medoppdagar Howard J. Brewington. 

kometmuseum4

Enno eit stort oppslag henta frå Dagbladet.

kometbildebrev

Nokre bilde og helsingar av komet Aarseth- Brewington1989w1 frå astronomar i utlandet.

detkongeligenorske

Diplomet og helsinga frå Det Norske Kongelige Videnskabers Selskab i 1990, som eg mottok for min innsats for norsk astronomi og for den første norske kometoppdaginga på 50 år. Årets gullmedalje (som er avbiklda på diplomet) ligg trykt oppbevart i bankboks.

Det er stengt for kommentarer.

Translate »